Profesjonsgrupper i praksis i fjerde studieår

Profesjonsgruppene skal vere ein arena der studentane kan drøfte ulike aspekt ved lærarprofesjonen saman med ein erfaren praksislærar. Målet for samlingane er både å styrke profesjonsidentiteten til studentane og -tilhøyrsle, og å styrke evna studenten har til refleksjon ved bruk av både erfaringsbasert kunnskap og ulike teoretiske tilnærmingar.

Ein klar profesjonsidentitet og ei trygg profesjonstilhøyrsle har vist seg å vere viktig for nyutdanna lærarar i starten av lærarkarrieren. Ei oppleving av tilhøyrsle med lærarprofesjonen gir meir tryggleik i utfordrande situasjonar, gir nye lærarar lettare inngang i det eksisterande profesjonsfellesskapet på arbeidsplassen og bidrar til at nye lærarar blir i lærarjobben.

Utgangspunktet for samlingane er læringsutbyttebeskrivingane for praksis for grunnskolelærarstudiet i 4. studieår.

Rammar

Profesjonsgruppene består av 8–10 studentar leidde av ein praksislærar. Dei møtest fem gonger i løpet av praksis i 4. studieår. Samlingane varer ca. 1,5 time.

Innhald

Tema og utgangspunkt for diskusjonen i profesjonsgruppene:

Kvar samling har eit tema med tilhøyrande læringsutbyttebeskrivingar. Desse skal vere utgangspunkt for diskusjonen i profesjonsgruppene. Til kvart tema er eit også utarbeidd refleksjonsspørsmål. Profesjonsgruppeleiarane står fritt til å nytte seg av refleksjonsspørsmåla, men kan også velje andre innfallsvinklar til temaa, gjerne i samarbeid med studentane. Det kan vere aktuelt å belyse temaa i profesjonsgruppene med utgangspunkt i aktuelle hendingar eller problemstillingar studentane opplever i praksis. Fleire av temaa har tilvisingar til litteratur studentane har lese tidlegare i studiet som kan vere nyttig å vise til i diskusjonane i gruppa.

Tema for gruppene

  • Korleis evaluere og utvikle eigen praksis, FoU-arbeid
  • Lærarprofesjonen
  • Profesjonsetikk
  • Relasjonskompetanse
  • Inkluderande læringsmiljø
Publisert 5. juli 2024 - Sist endra 28. okt. 2025