Nygård skole

Nygård skole

Adresse: Nygårdsheia 17, 4640 Søgne
Nettside: https://www.minskole.no/nygaard

Om skolen

Nygård skole blei opna i 1923 og har derfor lange tradisjonar. Skolen ligg i Søgne, vest i Kristiansand kommune, og er ein 1–7 skole med 335 elevar. Skolen har 70 tilsette som inkluderer leiing, pedagogisk personale, miljøterapeutar og fagarbeidarar.

Fokusområda til skolen

Skolevisjonen og motto er “Med trivsel og læring for alle”. Dette jobbar vi systematisk og målretta mot. Med utgangspunkt i blant anna skolevisjonen, så har vi utarbeidd tre hovudområde i utviklingsplanen til skolen over ein treårsperiode. Desse er “Undervising som engasjerer”, “Læringssløyfer som metode” og “Dei interne støttesystema til skolen”.

Nygård som lærarutdanningsskole

Studentar som kjem til oss blir inkluderte i fellesskapet. Vi vil snakke same språk, ha same utviklingsmål og jobbe i samla flokk mot felles målsettingar.

Som student her må du engasjere deg i dette fellesskapet! Vi ønsker at du forheld deg til alle vaksne på trinnet og at du engasjerer deg i arbeidet som skjer på skolen den perioden du er her – både fagleg og sosialt.

Publisert 5. juli 2024 - Sist endra 28. okt. 2025