Adresse: Karussveien 10, 4620 Kristiansand
Nettside: https://www.minskole.no/karuss
Om skolen
Karuss er ein 1–10 skole som ligg i Vågsbygd. Skolen vår blei bygd i 2002 og har 50 tilsette og 430 elevar. På barnetrinnet har vi ein parallell, og på ungdomssteget har vi tre parallellar. I tillegg har vi skolefritidsordning (SFO) for elevar frå 1.–4. klasse.
Utviklingsarbeidet på skolen
Alle vaksne på Karuss har fokus på samarbeid, inkludering, positiv forsterking og relasjonsbasert klasseleiing. Klasseleiing, IKT og lesing har over år vore sentrale utviklingsområde for oss. Vi har arbeidd fram fokusark/standardar i dette arbeidet. Framover vil læreplanfornyinga saman med kompetanseheving i rettleiing stå sentralt på Karuss. Meir om den pedagogiske profilen til skolen finn du her.
Karuss som lærarutdanningsskole
Karuss er ein mangfaldsskole med ein tydeleg pedagogisk profil. Vi har vore praksisskole i mange år og trivst med å ha studentar. Vi meiner praksis hos oss vil gi verdifull og nødvendig erfaring og i tillegg inspirere til refleksjon på Campus. Vi reknar LU-oppdraget som eit samfunnsansvar som vil gi eit kollektivt kompetanseløft for kvar enkelt lærar og til slutt auka læringsutbytte for elevane på Karuss.