Presteheia skole

Presteheia skole

Adresse: Presteheia 10, 4633 Kristiansand
Nettside: https://www.minskole.no/presteheia

Om skolen

Presteheia skole er ein barneskole som ligg på Gimlekollen. Skolen stod ferdig 1999. Skolen er ein landskapsskole.

Skolen ligg i eit mangfaldig nærmiljø. Det er kort avstand til ulike naturtypar; ferskvatn, bekker, blandingsskog og dyrka mark. Skolen har ”faste” uteskoleområde i gangavstand og alle elevar har undervising i nærmiljøet på faste vekedagar heile året. Saltvatn med strand og svaberg er i sykkelavstand frå skolen. Det er også nærleik til ulike typar offentleg og privat næringsverksemd. I friminutt/pausar er skolegarden og omkringliggande natur den nærmaste læringsarenaen til elevane. Skolen ser det som svært viktig at elevane får utfordringar som bygger på trivsel, tryggleik og aktiv læring uansett læringsarena.  

Presteheia arbeider ut frå standardar i Kristiansand og eigne handlingsplanar som m.a. omfattar: sosial læring, samarbeid heim-skole, aldersblanda grupper og lese- og skriveplanar.      

Presteheia har som mål at elevane har handlingsdyktigheit gjennom tillit til eiga evne til å meistre utfordringar, høg relasjonskompetanse og kunnskapar og haldningar til å møte endringar med.

Elevane på Presteheia skal:

  • oppleve å bli sett og lykkast kvar dag
  • oppleve tryggleik på skolen og skolevegen
  • oppleve å få gode basiskunnskapar og ferdigheiter
  • oppleve å få ei opplæring som er tilpassa kvar enkelt
  • oppleve å få gode kunnskapar om og ferdigheiter i bruk av ulike typar IKT-verktøy
  • oppleve eit nært og tillitsfullt samarbeid mellom heim og skole
  • oppleve å bli stilt krav til og ta ansvar for eigne handlingar
  • oppleve at heim og skole samarbeider til beste for dei

Presteheia som lærarutdanningsskole

Omtrent 30 studentar frå 4 GLU 1–7 og 5–10 gjennomfører praksisen i 7. og 8.semester på Presteheia skole.

Publisert 21. nov. 2024 - Sist endra 28. okt. 2025