LU-kontaktar i LU-skolane

LU-kontaktane har rolla som både praksiskoordinator og FoU-koordinator, men skolane kan fordele oppgåvene som ligg til LU-kontakten på fleire personar. Det bør likevel vere minst ein person, i tillegg til rektor, som har ansvar for oppgåvene i denne rollebeskrivinga.

Koordinering av studentane i praksis

Ansvar for å samarbeide med Avdeling for lærarutdanning om fordeling av studentane til skolane.

Avdeling for lærarutdanning lagar første forslag til fordeling av studentane.

LU-kontaktane frå skolane og Avdeling for lærarutdanning møtest for å finjustere fordelinga.

Organisering av praksis på eigen skole

LU-kontakt har i samarbeid med leiinga, ansvar for organiseringa av praksis på eigen skole. Dette inneber blant anna:

  • I samarbeide med Avdeling for lærarutdanning, sørge for at studentane får rette fag og rett talet på timar.
  • I samarbeid med leiinga på skolen, organisere timeplanen til studenten i sjølvstendig veke.
  • I samarbeid med leiinga på skolen, velje ut profesjonsgruppeleiarar og å følge opp arbeidet i gruppene.
  • Å plassere studentane i profesjonsgrupper etter oppsette kriterium.

Organisere og leie forum for praksislærarar ved skolen i samarbeid med leiinga ved skolen

LU-kontakt lagar i samarbeid med leiinga ein plan for møtehyppigheit og innhald for forum for praksislærarar ved skolen.

Samarbeide med leiinga om å lage ein plan for gjennomføring av skolebasert kompetanseheving på kvar enkelt lærarutdanningsskole

Blir planlagt i samarbeid med emneansvarleg for emnet ved UiA.

Organisere masterstudentars innsamling av empirisk data på skolen

Blir planlagt i samarbeid med Avdeling for lærarutdanning.

Samarbeid med fagmiljøa ved UiA om masteroppgåvene og FoU-arbeida til studentane

  • Representantar frå fagmiljøa og LU-kontaktane samarbeider om:
  • Innspel frå LU-skolen til tema dei kan ønske belyste i masteroppgåvene til studenten.
  • FoU-arbeid.

Dette må utviklast saman med fagmiljøa på UiA.

Samarbeid med LU-kontaktar ved andre LU-skolar

Desse møtest ved behov. I oppstarten blir dette organisert av Avdeling for lærarutdanning.

Arbeidstid og kompensasjon

I oppstarten av samarbeidet har Avdeling for lærarutdanning og skoleeigar bidradd med ein like stor sum til LU-kontaktane på LU-skolane. Midlane skal helst gå til å frikjøpe LU-kontaktane frå anna arbeid. Storleiken på kompensasjonen er under vurdering, men vil ligge føre før avtale med nye LU-skolar blir inngått.

Publisert 5. juli 2024 - Sist endra 28. okt. 2025