Adresse: Marcus Thranes gate 20, 4630 Kristiansand
Nettside: https://www.minskole.no/lovisenlund
Om skolen
Skolevisjonen: «Lovisenlund er ein skole som arbeider for å skape tryggleik og utfordringar for hjarte, hjerne og kropp.»
«Lova» er ein barneskole 1–7 med ca 450 elevar og ligg på nedre Lund. Skolen har lange tradisjonar og er bygd i 1950 og blei totalrenovert i 2005, og vi er stadig i utvikling. Vi er ein baseskole med litt over 50 tilsette. Vi har eit skolefritidstilbod (SFO) for elevar frå 1–4. trinn.
Utviklingsarbeidet på skolen
Læringsmiljøutviklingsarbeidet til skolen handlar om å auke kompetansen til personalet for å gi elevane det beste læringsmiljøet. Visjonen vår bygger på heile mennesket der inkludering og individuelle eigenskapar skal utviklast i fellesskapet. Lova jobbar med å sikre kvalitet i alle ledd. Derfor prøver vi å vere fagleg oppdaterte, bruke ressursane på ein best mogleg måte, skape tryggleik og vise respekt for kvar enkelt. Vi jobbar for eit mobbefritt miljø og har sterkt fokus på temaet «vi bryr oss om kvarandre»!
Lovisenlund som lærarutdanningsskole
Lovisenlund skole er ein framtidsretta skole der leiinga og personalet jobbar bevisst for behovet til elevane og korleis læring best skjer. Praksisen vår er tydeleg og gjennom gode elevresultat gjennom fleire år, gir det oss grunnlag for å framheve at vi lykkast med mykje. Vi vil gjerne dele dette med framtidas lærarar. Praksisen vår er open for observasjon og ønske om å bidra med praksislærdom på campus er også til stades. Vi ønsker søkelys på felles møteplassar mellom fagfeltet og praksisfeltet og har ønske om delte stillingar mellom UiA og Lova. Vi ser fram til eit samarbeid med hovudfokus på kjerneoppgåvene til lærarprofesjonen og samfunnsmandat.