Høvåg skole

Høvåg skole

Adresse: Hæstadveien 16, 4770 Høvåg
Nettside: https://www.hovagskole.no/

Om skolen

Høvåg skole er ein 1–10-skole som ligg i Lillesand kommune. Skolen vår blei bygd i 1967 og har blitt utvida med jamne mellomrom. Vi er ca 35 tilsette og ca 250 elevar. På barnetrinnet har vi éin og to parallellar, og på ungdomssteget har vi også éin og to parallellar. I tillegg har vi skolefritidsordning (SFO) for elevar frå 1.–4. klasse.

Utviklingsarbeidet på skolen

Fundamentet vårt bygger på verdiar vi har utarbeidd sjølv; Kjærleik, rausheit og tryggleik. Vi er klar over å vere trygge, gode og profesjonelle vaksne i dei rollene vi har.

I Lillesand kommune har vi to satsingsområde: Språk og Sosial og emosjonell kompetanse. Vi har utarbeidd ein lokal læreplan for sosial og emosjonell kompetanse som involverer både elevar og tilsette. Lillesand kommune har også vore med på satsinga «Inkluderende læringsmiljø» saman med fleire av Knutepunktkommunane. Framover vil fagfornyinga vere fokusområde.

Høvåg som lærarutdanningsskole

Høvåg er ein bygdeskole med ein tydeleg pedagogisk profil og mange dyktige faglærarar. Vi har vore praksisskole i mange år og trivst godt med å ha studentar. Vi inkluderer studentane i den mangfaldige skolekvardagen vår slik at praksis blir opplevd meiningsfull og realistisk. Studentar som har vore hos oss, gir gode tilbakemeldingar både når det gjeld fagleg og relasjonell utvikling. Vi har mange lærarar med rettleiingspedagogikk og har i dei seinare åra systematisk drive med kollegarettleiing.

Publisert 5. juli 2024 - Sist endra 27. okt. 2025