Adresse: Kallhammerveien 2A, 4514 Mandal
Nettside: https://www.blomdalen.no/
Blomdalen ungdomsskole skole har 348 elevar og 42 tilsette. Vi har 15 klasser fordelte på 8.–10. klasse. Skolen ligg sentralt i byen med kort veg til idrettshallar, svømmehall, idrettspark med isbane og skatepark, og dessutan naturskjøne Furulunden og Sjøsanden.
Utviklingsarbeid på skolen
Blomdalen skole arbeider systematisk med utviklingsarbeid. Satsingsområda våre er Fagsamarbeid i fagseksjonar, Inkluderende barnehage og skolemiljø og lesing som grunnleggande ferdigheit. I tillegg arbeider vi med lokal plan for god klasseleiing og godt læringsmiljø som følge av at vi er ein RESPEKT skole. I tillegg til dette har vi planar for «slik gjer vi det på Blomdalen» og vurderingsrutinar slik at vi i størst mogleg grad er ein «vi skole».
Blomdalen som lærarutdanningsskole
Ved å vere lærarutdanningsskole vil vi kunne styrke eigen skole gjennom den moglegheita vi får til eiga kompetanseheving og fagsamarbeid med UiA. Dette vil igjen ha effekt på våre elevars trivsel og læringsutbytte. Eit samarbeid med UiA vil også gi oss høve til å ligge i front når det gjeld utviklinga i skolen. Vi vil då få spesielt gode høve til skoleutvikling og fellesskolering av heile personalet. Gjennom FoU arbeidde ser vi for oss at vi kan forske eller jobbe ekstra med utfordringar på eigen skole
Ved å vere lærarutdanningsskole vil vi kunne bidra med at studentane får ei gradvis innføring og kjennskap til og erfaring med skolen som system og det å vere lærar. Vi ønsker å bidra til at studentane får eit godt grunnlag for seinare yrkesliv. Dette gjennom det daglege arbeidet og strukturen vi har for utviklingsarbeidet vårt, og gjennom den måten vi arbeider som lærande organisasjon på. Den etiske plattforma til lærarane vil dei også oppleve i eit meir praktisk perspektiv gjennom å vere student hos oss.
Vi kan påverke og gi innsikt i lærarrolla både i forhold til fagleg innhald, og i det arbeidet som følger det å vere lærar som vurderingspraksis, foreldremøte, møte med elevar og elevoppfølging, samarbeid med andre instansar som eks. PPT, barnevern, førebyggande eining, Abup m.m.
Vi tenker også at studentane vil sjå korleis skolen blir styrt heilt frå nasjonalt plan til kommunalt og lokalt på eigen skole. Dette er viktig for å forstå samfunnsmandatet til skolen.