
Midt i eksamensførebuingane møtte studentrepresentantar frå dei tre klassane i 2024-kullet i barnehagelærarutdanninga opp i bygg 46 for å få den vel fortente premien sidan så mange av barnehagelærerstudentane hadde sagt si meining om utdanninga.
– Det er utruleg flott at så mange har bidradd. Studiebarometeret gir oss verdifull innsikt i kva som fungerer godt og kva vi kan forbetre, seier Merethe Anette Ryen frå Utdanningsavdelingen, som stod for overrekkinga av gåvebeviset.
God oppfølging gav resultat
Undersøkinga blei send ut mens barnehagelærarstudentane var i praksis, og det har vist seg å vere ei utfordring for svarprosenten tidlegare.

– Vi informerte praksislærarane om Studiebarometeret og bad dei sette av tid, slik at studentane kunne svare mens dei var i barnehagane. Vi kom litt seint på banen, men opplever at dei aller fleste fekk denne moglegheita, seier Nina Borøy Olsen, praksiskoordinator i BLU.
For dei som ikkje fekk svart i løpet av praksisperioden, blei det sett av tid i ei forelesing i etterkant av praksis. Studentane meiner sjølv at suksessen kjem nettopp av dette.
– Det kan vere at nokon hadde svart på eigenhand uansett, men eg trur det var avgjerande for svarprosenten at det blei sett av tid i regi av UiA. Det tar jo litt tid å svare på den undersøkinga, meiner studentrepresentantane.

I tillegg blei det lagt ned ein grundig innsats frå Nina og hennar kollega Mona Trelsgård Gaudestad, som jobbar studierettleiar i BLU, med å ringe rundt til alle barnehagelærarstudentane. Dette var ei oppgåve begge sette pris på.
– Det var veldig hyggeleg å ta desse samtalane. Ikkje berre for å snakke om Studiebarometeret, men også for å høyre korleis studentane har det. Og så trur eg dykk også sette pris på det, smiler Mona til studentane.
Premie til sosial aktivitet
Som premie fekk heile 2024-kullet eit gåvebevis på 5000 kroner, som skal brukast til ein felles sosial aktivitet.
– Vi har ikkje bestemt oss for kva vi skal gjere, men forslag som bowling og kino har vore nemnd, avsluttar studentane, før dei går tilbake til eksamensførebuingane.