Universitetsstyret ved UiA har sett av midlar for å stimulere til auka forskings- og utviklingsarbeid som er relevante for lærarutdanningane og retta mot praksisfeltet. Midlane er ein del av satsinga til universitetet på profesjonsforsking.
Tildelingane i år går til prosjekt som spenner frå barnehage til grunnskole, og frå matematikk til mangfald og profesjonelt samarbeid. Prosjekta skal bidra til å styrke lærarutdanningane gjennom ny kunnskap, innovative metodar og auka samarbeid mellom utdanningsinstitusjonar og praksisfeltet.
Prosjekta
Akselerasjon og resonans i barnehagelærarars arbeid
Dette prosjektet undersøker korleis tidspress og målstyring blir opplevd av både vaksne og barn i barnehagen. Med utgangspunkt i Hartmut Rosas teoriar om akselerasjon, blir det utforska på korleis barnehagen kan legge til rette for meir meiningsfulle og resonante relasjonar i kvardagen.
Prosjektleiar: Tale Steen-Johnsen
Institutt: Sosiologi og sosialt arbeid
Vurdering av litteratur på barnetrinnet
Studien gir innsikt i korleis lærarar vel og vurderer litteratur i norskfaget på barnetrinnet. Forskarane ser nærmare på kva kriterium lærarane legg til grunn, korleis dei oppfattar handlingsrommet sitt, og haldningane deira til kanontenking i litteraturundervisninga.
Prosjektleiar: Svein Slettan
Institutt: Nordisk og mediefag
Forsking på stadsbasert undervisning om samar og nasjonale minoritetar
Dette prosjektet utviklar og forskar på metodar for stadsbasert læring gjennom ekskursjonar, med fokus på undervisning om samar og nasjonale minoritetar. Målet er å styrke student- og elevaktiv læring ved å besøke stader med betyding for desse gruppene, og å samle inn data gjennom observasjon og intervju.
Prosjektleiar: Mari Kristine Jore
Institutt: Sosiologi og sosialt arbeid
Vegar til vennskap – Utviklinga av nettverket til studentane i lærarutdanningane
Korleis opplever lærarstudentane tilhøyrsel, einsemd og nettverk i utdanninga si, og korleis utviklar opplevinga seg gjennom det første studieåret? Målet med dette prosjektet er å identifisere faktorar som fremmer vennskap og tilhøyrsel, og å finne måtar å støtte den sosiale utviklinga til studentane på.
Prosjektleiar: Mareike Brehmer
Institutt: Pedagogikk
Interaksjon mellom sosioøkonomisk status og resultat i engelsk og lesing i nasjonale prøver på skolar i Kristiansand kommune
Prosjektet analyserer korleis elevars sosioøkonomiske bakgrunn påverkar resultat i nasjonale prøver i engelsk og lesing, med særleg fokus på variasjonar mellom ulike skolar i Kristiansand. Målet er å belyse utfordringar og foreslå tiltak for å styrke engelskundervisninga i område med låge resultat.
Prosjektleiar: Lenka Garshol
Institutt: Framandspråk og omsetting
Profesjonelt samspel i møte med utsette barn
Korleis lærarstudentar engasjerer seg i tverrprofesjonelle undervisningsaktivitetar, og kva kjenneteiknar samarbeidet med studentar frå andre profesjonsutdanningar? Dette prosjektet ser på roller, samhandlingsformer og kva profesjonar lærarstudentar samarbeider mest med.
Prosjektleiar: Esther Tamara Canrinus
Institutt: Pedagogikk
Utfordringar ved resultatstyring – eit kunnskapsgrunnlag
Målet med dette prosjektet er å oppsummere og drøfte omfattande internasjonal forsking på resultatstyring i skolen, med vekt på kritisk forsking som belyser problema denne styringsforma fører med seg for elevar, lærarar og undervisning. Kunnskapen frå prosjektet skal bidra til å førebu lærarstudentar på å bli profesjonelle lærarar som kan realisere samfunnsoppdraget og delta kritisk i diskusjonar om framtidas skule.
Prosjektleiar: Alexander Elmies-Vestergren
Institutt: Pedagogikk
Samanlikning og måling av storleikar som inngang til talforståing i byrjaropplæringa
Prosjektet skal utvikle eit undervisningsopplegg der samanlikning og måling av storleikar blir brukt som inngang til talforståing i matematikk. Målet er å undersøke potensialet denne tilnærminga har med tanke på utvikling av barns forståing av tal.
Prosjektleiar: Svanhild Breive
Institutt: Matematiske fag