Sola skin, og det er varmt i vêret. Vi er på veg for å gi to barnehagar ei heilt spesiell utmerking. Vi ringer på døra til administrasjonsdelen hos Eplehagen barnehage i Kristiansand, utstyrt med blomstrar og skilta som bevis at «denne barnehagen er ein lærarutdanningsbarnehage».
– Nehei! Er det dykk?!, seier styrar Marine Ommundsen mens ho opnar døra med eit stort smil og overrasking i stemma.
Gjensidig samarbeid
Etter ein lengre prosess med søknadsskriving og intervju med studieleiar, praksisleiar for barnehagelærarutdanningane, og avdelingsdirektør for Avdeling for lærarutdanning, er det nå klart at Eplehagen barnehage i Kristiansand og Læringsverkstedet Myråsen i Grimstad er nye lærarutdanningsbarnehagar (LU-barnehagar) for UiA. Saman med Hokuspokus, Møllestua og Maritippen barnehagar i Kristiansand, og Eide barnehage i Grimstad, utgjer dei nå gruppa av LU-barnehagar som skal utvikle eit stabilt og gjensidig samarbeid mellom UiA og barnehagesektoren.
LU-barnehagane er eit målretta rekrutteringstiltak som skal bidra til å sikre kvalitet både i utdanninga og i barnehagane. Det aukar også moglegheit for å sikre tilgang på kvalifiserte barnehagelærarar i regionen i åra som kjem.

Spesialistar på leiarpraksis
– Dette er ei fjør i hatten til oss, og vi ser på dette som ei bekrefting om at vi har noko å bidra med inn i akademia. Og så er det veldig inspirerande å få vere med på å påverke barnehagelærarutdanningane endå meir, og få vere tett på i utviklinga av den nye praksisen i 3 BLU, seier ein glad Ommundsen.
Med status som «LU-barnehagar» blir barnehagane «spesialistar» på praksisen barnehagelærarstudentane gjennomfører i sitt siste studieår. Her er det meir fokus på leiing og i løpet av den siste praksisperioden, har studentane éi veke med overtaking av barnegruppa, som ei førebuing på arbeidslivet som ventar på andre sida av sommaren.
Høgtideleg markering av ny status

I Grimstad er det også god stemning, når dei nå doblar talet på LU-barnehagar i kommunen. I Læringsverkstedet Myråsen vankar det song, tale, blomstrar, skilt og, ikkje minst, is til barna, når dei markerer den nye statusen.
– Dette partnarskapet er viktig for barna våre i kommunen. Det aukar attraktiviteten for barnehagelærarstillingar, fører til betre omdøme, auka kompetanse og styrkt rekruttering, seier kommunalsjef for oppvekst i Grimstad kommune, Anne-Grete Glemming, i talen sin til den nye LU-barnehagen.
Tala aukar i Grimstad
Og i Grimstad kommune peiker pilene oppover når det gjeld barnetal og interesse for både barnehagelærarutdanninga og ledige stillingar. Fleire søkar om barnehageplass og det er høg søking til ledige stillingar. Også barnehagelærarutdanninga ved UiA Grimstad har gode tal.
Stine Andresen, studierettleiar ved barnehagelærarutdanninga i Grimstad, fortel at ei godt fungerande mentorordning, praksisnære undervisingar av høg, fagleg kvalitet, godt læringsmiljø i klassane og godt samarbeid med praksisfeltet er avgjerande.
– Vi opplever også god gjennomstrøyming på studiet, noko som indikerer at studentane er tilfredse, fortel studierettleiaren.
Store moglegheiter for samskaping

Med dei nye lærarutdanningsbarnehagane blir intensiverte det profesjonelle samarbeidet mellom UiA og kommunane.
– Det utvida samarbeidet har som hovudmål å bidra til styrkt praksisopplæring og FoU samarbeid, og bidra til auka arbeidslivsrelevans i utdanninga, seier Andresen.
Samarbeidet mellom kommunen, barnehagane og Universitetet i Agder gir store moglegheiter for samskaping.
– Dette vil forhåpentleg gi det viktigaste vi har, barnehagebarna, dei beste moglegheitene for ein god barndom i barnehagen, med dyktige barnehagelærarar som støttande stillas, avsluttar Stine Andresen, mens såpeboblene svever gjennom lufta.