English version of this page

Sørlandsk lærarstemne samlar stadig fleire

Fredag 6. november blir Campus Kristiansand fylt av lærarar i barnehage og skole frå heile regionen når Sørlandsk lærarstemne går av stabelen. Stemnet har vore ein viktig møteplass for fagleg påfyll, erfaringsutveksling og inspirasjon for lærarar i mange år.

Deltakarar i vrimleområdet på Campus Kristiansand besøker utstillingsstands under Sørlandsk lærarstemne.

Mellom kurs og foredrag møtest deltakarane i vrimleområdet, der utstillarar og samarbeidspartnarar presenterer aktuelle tilbod og ressursar for barnehage og skole.

Av Vibeke Faye Wevle
Publisert 28. okt. 2026 - Sist endra 29. okt. 2026

Med rundt 1500 deltakarar er Sørlandsk lærarstemne ein av dei største møteplassane til landsdelen for kompetanseutvikling innan barnehage og skole. På programmet står eit breitt spekter av kurs og foredrag som tar opp aktuelle tema frå heile utdanningsløpet, frå barnehage til vidaregåande opplæring.

– Det er svært gledeleg at enda fleire ønsker å delta i år. Sørlandsk lærarstemne handlar om fagleg påfyll, men også om å møtast på tvers av institusjonar og profesjonar. Det er ein viktig arena for erfaringsdeling og nettverksbygging, seier prosjektleiar Ottar Michaelsen.

Stolt over å kunne presentere Deeyah Khan

Årets opningsforedrag er «Dialogens kraft: samtale med Deeyah Khan». Den prislønte dokumentarfilmskaparen er internasjonalt kjent for arbeidet sitt med tema som polarisering, ekstremisme, utanforskap og dialog. Ho er også goodwillambassadør for UNESCO og fekk Kulturrådets ærespris tidlegare i haust. Gjennom dokumentarane sine og offentlege samtalar har Khan vist korleis dialog kan skape forståing på tvers av store samfunnsmessige og kulturelle skiljelinjer.

– Vi er veldig stolte over å ha fått Deeyah Khan til Sørlandsk lærarstemne, og vi rettar ein stor takk til FN-sambandet for at det blei mogleg. Deeyah bringar inn perspektiv som er svært relevante for alle som arbeider med barn og unge. At ho både held opningsforedraget og eit av dei største kursa under stemna, er vi ekstra glade for, siger Michaelsen.

Noko for alle i barnehage og skole

Etter fellesforedraget kan deltakarane velje blant mellom 40 og 50 parallelle kurs. Temaa spenner frå språk, lesing og leik til kunstig intelligens, inkludering, musikk, demokrati, berekraft og leiing. Kursa rettar seg mot ulike målgrupper innan barnehage, grunnskole, SFO, kulturskole, vidaregåande opplæring og vaksenopplæring.

Den breie kursporteføljen er ein viktig del av årsaka til at lærarstemnet har behalde sin posisjon som ein sentral fagleg møteplass for tilsette i oppvekstsektoren gjennom nærmare hundre år.

Oppfordrar til alternativ transport

Med mange besøkande på campus denne dagen er det forventa stor belasting på parkeringsområda.

– Vi oppfordrar både deltakarar, tilsette og studentar som har høve til det, til å velje alternativ transport framfor bil. Gå gjerne, sykle, ta buss eller samkøyr dersom det let seg gjere. Det vil gjere logistikken enklare for alle som skal til campus denne dagen, avsluttar  Michaelsen.