Sørlandsk lærarstemne: Faglig påfyll og aktuelle tema på UiA

Fredag 7. november blir Campus Kristiansand fylt av lærarar og barnehagetilsette frå heile Agder. Sørlandsk lærarstemne byr på fagleg påfyll, aktuelle debattar og over 40 kurs.

Folkemengde i Vrimlehallen, stands, roll-ups

7. november blir Vrimlehallen atter ein gang åsted for læremiddelutstillinga under Sørlandsl lærarstemne. Her frå eit tidlegare stemne.

Av Vibeke Faye Wevle
Publisert 3. nov. 2025 - Sist endra 12. des. 2025
Portrettbilde av Kaja Næss Johannessen
Kaja Næss Johannessen frå SNU Senteret skal holda årets opningsforedrag. Foto: SNU Senteret.

Årets opningsforedrag «Frå uro til ro» set søkelys på ei av dei mest omtalte utfordringane i utdanningssektoren. Medieoppslag om aukande uro og utfordrande åtferd i barnehagar og skolar har prega samfunnsdebatten dei siste åra. Med foredraget «Frå uro til ro», tar psykolog Kaja Næss Johannessen frå SNU Senteret denne problematikken på alvor. Her vil ho presentere nyare nevrobiologisk kunnskap om stress og åtferd, og knyte dette til endringar i samfunnet og i utdanningssektoren. Målet er å gi deltakarane innsikt i moglege årsakssamanhengar bak utviklinga og verktøy for å forstå og handtere utfordringane.

– Vi ønsker å gi lærarar og barnehagetilsette fagleg påfyll som er relevant for kvardagen deira. Årets foredrag treffer midt i ein aktuell debatt, seier prosjektleiar Ottar Michaelsen.

Breitt spekter av kurs

Portrettfoto Ottar Michaelsen
Ottar Michaelsen er prosjektleiar for Sørlandsk lærarstemne.

I tillegg til foredraget kan deltakarane velje mellom eit breitt spekter av kurs som dekker alt frå psykososialt arbeid og livsmeistring til leik, språk, kreativitet, flerkulturalitet, teknologi, naturfag og praktiske ferdigheiter.

Michaelsen understrekar at breidda speglar både tradisjonelle pedagogiske utfordringar og nye trendar:

– Vi har samla kurs som spenner frå praktiske tips til djuptgåande faglege diskusjonar for barnehage og skole. Det gir rom for både inspirasjon og fagleg fordjuping, fortel prosjektleiaren.

Læremiddelutstilling i Vrimlehallen

Som alltid blir Vrimlehallen eit samlingspunkt med utstilling av læremiddel og ressursar. Utstillinga er open heile dagen og gir deltakarane høve til å utforske nye verktøy og idear.

– Det å møtast fysisk gir eit unikt høve til å dele erfaringar og bygge nettverk. Sørlandsk lærarstemne har vore ein viktig arena for kompetanseutvikling i snart hundre år, understrekar Michaelsen.