
UiA var, som første universitet i dette samarbeidet, med på å ta imot gutar frå ungdomsskular i Agder i fjor haust.
Les også: Gutter utforsker barnehageyrket: – Får jeg virkelig betalt for dette?
– Ungdomsskulegutane som deltok i fjor, var tydelege på at programmet trefte. Eit variert opplegg med barnehagerelaterte aktivitetar og dialog med mannlege barnehagetilsette gav tilbakemeldingar som «dette var heilt legande» og «dette gav meg auga opp for at arbeid i barnehage faktisk kan vere aktuelt», seier Stine Andresen, studierettleiar i barnehagelærarutdanninga og rekrutteringskoordinator for lærarutdanningane ved UiA.
Frå råd til avtale
Andresen er også medlem i fagleg råd for «Gutar og barnehage» i regi av NHO Geneo, som fungerer som er forum for erfaringsutveksling og gir innspel til korleis prosjektet best kan gjennomførast.
– Vi er stolte av å ha bidradd med erfaringane våre i arbeidet med å utvikle den ferdige samarbeidsavtalen, som vi nå har signert. Ei slik formalisering sikrar kvalitet i arbeidet og er ei viktig ansvarleggjering i prosessen der målet er å rekruttere fleire menn til barnehagesektoren, seier Andresen, og legg til: – Vi ser fram til eit tett samarbeid med NHO Geneo i dette viktige rekrutteringsarbeidet i tida som kjem.
Tett på utdanning og yrke
I avtalen skal UiA legge til rette for besøksdagar på begge campusar. Besøka skal gi eit konkret innblikk i kva barnehagelærarutdanninga inneber og kva som skjer i eit levande campusmiljø. I tilknyting til campusbesøka vil NHO Geneo også organisere barnehagebesøk, slik at gutane får møte yrkt direkte.
– Vi invitere ungdomsskulegutane til ein inspirerande dag med mål om at dei skal få auga opp for arbeidet i barnehage. Vi bruker dyktige, mannlege barnehagetilsette frå partnarbarnehagane våre som førebilde når ungdomane kjem til oss, fortel Andresen.

Avløysande dekan for lærarutdanningane på UiA, Anne Elmies-Vestergren, uttalte seg nyleg i ei nyheitssak på nhogeneo.no om satsinga og understreka at ho handlar om meir enn rekruttering:
– Vi vil opne dørene til barnehagen for fleire gutar ved å gi dei konkrete erfaringar, utfordre mytar og vise breidda, kompleksiteten og ikkje minst moglegheitene i yrket. Når fleire menn vel barnehagen, styrkes både mangfaldet og kvaliteten i tilbodet til barna, uttaler ho.
Kunnskap møter praksis
Gjennom avtalen skal UiA og NHO Geneo utvikle målretta og kunnskapsbaserte tiltak i skjeringspunktet mellom utdanning og praksisfelt.
– Ambisjonen er klar: fleire søkarar, betre kjønnsbalanse og eit sterkare omdøme for barnehagen som arbeidsplass. Dette er eit arbeid som gjeld oss alle, fordi nesten alle barn i Noreg går i barnehagen. Da treng vi dyktige og engasjerte barnehagelærarar, og fleire menn som vil vere med å forme ein av dei viktigaste, og ikkje minst mest givande jobbane som finst, seier Elmies-Vestergren.
Eit yrke fleire menn vil elske
Elmies-Vestergren er også tydeleg på kva bodskap ho ønsker å sende til unge menn som vurderer yrkesval:
– Dette er eit yrke vi veit fleire menn vil trivast i og passe til, fordi det er engasjerande, variert, praktisk og sosialt. Fleire mannlege studentar bør velje det – ikkje for å tene samfunnet, men fordi dei faktisk hadde elska det, avsluttar ho.