Fem barnegrupper med barn i alderen 1–5 år frå ulike barnehagar fekk vere dei første til å teste det splitter nye sanserommet i Undervisningsverkstedet (UV) på UiA. Med «Badebussen» på høgt volum i taxien på veg til universitetet, var stemninga allereie på topp før opningsfesten kunne sette i gang.

Sanserommet er utvikla med dei minste barnehagebarna i tankane. Her er det fokus på det sansberre: lyd, lys og taktile opplevingar som appellerer til barn som lærer gjennom kroppen.
– Vi ønskte å lage eit rom som treffer dei yngste spesielt. Tanken er at om vi klarer å fenge eittåringane, vil det også vere spennande for dei større barna. All den tid barn sansar med kroppen, gir dette meining, fortel Herman Instefjord, barnehagelærar i delt stilling i UV.
Rommet er utforma for å vere til inspirasjon for barnehagane, med løysingar som også kan attskapast i deira eigne lokale. Slik håper ein at fleire barnehagar vil ta turen til UiA og dra nytte av kompetansen som finst der.
Stor begeistring blant barna

Etter bollar og saft fekk barna utforske sanserommet og andre aktivitetar tilpassa deira alder. Entusiasmen var stor.
– Det har vore gøy, og eg likte best å lese bok», fortalde ein av dei besøkande.
Ein annan var meir fascinert av teknologien:
– Veldig gøy med den lampa som lyser med ulike kuler, for den kan eg styre sjølv!
Ved sida av sanserommet var det også andre aktivitetar som fengde. Nokon teikna med bee-bots som er små programmeirberre robotar forma som bier, mens andre bygde med lego.
– Vi bygger ein forskingsrobot som skal forske på do, forklarte ein ivrig legobyggar.
Ønsker meir kompetansedeling
Dei vaksne som følgde med på opninga, så verdien av tilbodet umiddelbart:
– Veldig spennande og inspirerande, og vi vil teste ut bee-botsene litt meir med dei store barna.
Det kom også ønske om meir opplæring i programmering, særleg etter å ha sett kor mykje det fengt, særleg dei større barna.
Verdien av å møte fagmiljøet i UV ble også trukket fram:
– Det er mykje kompetanse her i UV, og gøy å treffe både studentar på bachelor og master, og det var ekstra fint at mannlege barnehagelærarar tok imot gruppene.
Med det nye sanserommet håper Undervisningsverkstedet å styrke bandet mellom universitetet og barnehagesektoren, og gi både barn, studentar og tilsette verdifulle møteplassar.
