Erling Ryeng og Tonje Waage Langås har begge jobba i barnehage i mange år. No har dei sine første dagar på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU) på UiA. For dei handlar det om å utvikle seg vidare i eit yrke dei allereie trivst svært godt i, samstundes som dei kan halde fram i jobben i barnehagen.

– Det var no det opna seg ein moglegheit for meg å ta studium ved sida av jobben, fortel Waage Langås om valet om å studere no.
Arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning er ikkje ei ny utdanning på UiA, men har lege i «dvale» nokre år. Med utgangspunkt i søkertala, må vi kunne seie at dette har vore eit interessant og aktuelt «studie-come-back» for dei mange tilsette i barnehagar utan barnehagelærarutdanning. 50 søkere hadde utdanninga som si førsteprioritet, og dei konkurrerte om 20 studieplassar.
Nytt av året er barnehagelærarutdanninga som går over fire år på deltid (BLU-D). Fredrik Elvatun er ein av dei 22 nye studentene på den heilt nye utdanninga. Han fortel kanskje ei litt anna historie om kvifor han no er tilbake på skolebenken: etter rundt 20 år i IT-bransjen, bestemte han seg for å skifte karriere heilt.
Frå skjerm til småbarn

– Ein gong i fjor fekk eg rett og slett nok av cellekontor og skjerm, og eg fekk moglegheita til å jobbe i barnehage ein dag i veka gjennom året som har gått. Eg elska det! seier ein smilande Elvatun.
No skal han sjonglere 60 prosent stilling i sin nåverande jobb samtidig som han studerer.
– Det blir hektisk, men så veit eg at det er verdt det når eg blir ferdig med utdanninga og får ein heilt ny kvardag. Det gleder eg meg til, seier Elvatun, som humoristisk kallar karriereskiftet for «mi form for midtlivskrise».
Nye utfordringar i kjent miljø
For Ryeng og Waage Langås handlar studievalet om å bygge vidare på eksisterande erfaring. Waage Langås har jobba i barnehage lenge og ser fram til den faglege påfyllinga:
– Dette gir meg meir motivasjon i kvardagen i barnehagen, og eg får meir input. Eg jobbar i ein liten barnehage i dag, så det å komme saman med andre og dele erfaringar, ser eg fram til.
Ryeng nikkar seg einig i å få dele erfaringar med dei nye medstudenene sine. Etter 15 år i same barnehage, ser han fram til å få oppleve andre barnehagerutinar:
– Eg gleder meg til praksis og det å få eit innblikk i ein annan barnehagekvardag. Det blir nyttig og lærerikt å komme såpass tett på som ein gjer i ein praksisperiode, og sjå korleis andre gjer det over lengre tid.
Deltid som føresetnad

Alle dei tre studentene understrekar kor avgjerande deltidsstudium har vore for deira val om å ta desse utdanningane. Moglegheita til å studere ved sida av jobb gjer utdanninga både økonomisk og praktisk gjennomførbar.
– Da eg bestemte meg for å søke, var det ein viktig faktor for meg at eg framleis kan vere til stades for barna i barnehagen under utdanning, forklarer Waage Langås.
Ryeng peikar på at ABLU-moglegheita er spesielt viktig for dei som allereie arbeider i sektoren:
– Det har noko med motivasjonen å gjere. Dette er noko vi vil, og vi ønsker å vere her.
Veldig givande
Studentene er godt klare over at dei går inn i eit yrke som stiller store krav til dei som personar. Dei nemner at barnehagelæraryrket ofte blir skildra som emosjonelt krevjande, men at det òg er eit svært givande yrke.
For Elvatun, som kjem utanfrå, har nettopp det meiningsfulle aspektet ved arbeidet vore avgjerande:
– Eg har sett den forskjellen dei som jobbar i barnehage kan gjere. Det er inspirerande.
Godt mottatt ved UiA
Oppstarten ved universitetet har gitt studentene eit positivt førsteinntrykk av utdanninga som ventar.
– Eg synest vi har blitt svært godt tekne imot her på UiA i dag. Og vi har møtt folk i barnehagelærarutdanningane som vi merkar at verkeleg bryr seg, avsluttar Elvatun.
