– Vi trudde ikkje det var sant da vi fekk beskjed om at vi hadde komme med. Det er kanskje sjeldan at administrativt tilsette sender inn forslag til forskingskonferansar, og kanskje enda meir uvanleg å få tilslag, seier Vidar Austrud og Andreas Kjærnet.
Frå praksisfelt til forskingsdiskusjon
Austrud og Kjærnet jobbar med praksis i grunnskolelærarutdanningane ved UiA, høvesvis som praksisleiar og praksiskoordinator, og konferansebidraget deira handlar om korleis universitetet har utvikla praksisopplæringa. UiA har lenge hatt høg kvalitet på praksis i fjerde studieår, og nå ønsker dei å utforske korleis denne erfaringa kan styrke praksis i første til tredje studieår.

– Vi har pilotert ei ny praksisorganisering i dei første studieåra, basert på erfaringane frå fjerde år. Vi finn skolane som er interesserte, gjennomfører og evaluerer. Målet er å sjå praksis som ein heilskapleg arena for heile skolen, ikkje som enkeltståande tiltak, forklarer Austrud.
Round table-diskusjon på konferansen
På konferansen skal dei leie ein 80-minutts «round table discussion», der dei får presentere idear og aktivitetar, og samtidig få innspel og tilbakemeldingar frå internasjonale kollegaer.
– Det blir spennande å sjå kven som sit rundt bordet. Vi håper å få sparringspartnarar og kanskje nokon som ser moglegheit for vidare forsking på dette, seier Austrud.
Mot og handlingskraft i utdanning

Temaet for NERA 202: «Courage and Agency in Education for the Present», passar godt med deira arbeid.
– Dette handlar om å tore å tenke nytt om praksisopplæring og utfordre etablerte strukturar. Dette er ei ny akademisk øving for oss som administrative. Vi gjer det for å lære, utvikle oss og bidra til å styrke lærarutdanninga, fortel Kjærnet.
Deltakinga gir også moglegheit for internasjonal læring og samarbeid.
– Vi håper å få med fleire partnarar frå campus og praksisfeltet. Det er gøy å gjere noko vi ikkje har gjort før, og som kan gi nye perspektiv, avsluttar dei ferske konferansedeltakarane.