Denne vinteren er faglærar i kunst og handverk ved Universitetet i Agder, Camilla Solberg Rødland, på hospitering ved Sjøstrand skole i Kristiansand. Rødland underviser i visuelle fag for studentar på barnehagelærarutdanninga (BLU) og grunnskolelærarutdanningane (GLU), og ønskte å vere i klasserommet for å følge undervising i praktiske og estetiske fag på barnetrinnet.
Gjennom hospiteringsordninga har Camilla blitt kopla med lærar Anne Kristin Frøstrup, som underviser i kunst og handverk på mellomtrinnet. Denne veka følgde Camilla undervisinga i ein 5. klasse som arbeidde med å designe og sy eigne forkle.
Ein engasjert klasse i kreativt arbeid

I kunst- og handverksstimen tok Anne Kristin seg god tid til å gå gjennom oppdraget med elevane: korleis planlegge og forme ut eit eige forkle. Elevane jobba i eigne arbeidsbøker, teikna skisser og stilte spørsmål om korleis dei kunne løyse ulike praktiske utfordringar.
Elevane lytta, var konsentrerte og viste stor interesse for prosessen. Det var god dialog i rommet, og mange av elevane tok initiativ til å diskutere løysingar, mønster og val av materiale med både lærar og medelevar.
– Det er fint å sjå Anne Kristin i aksjon. Ho er både erfaren og har god kontroll i klasserommet. Ho forklarer på ein god måte, og eg liker særleg at ho har fokus på gjenbruk og berekraft. Det synest eg er viktige tema for studentane å lære noko om, seier Camilla.
Kva er hospiteringsordninga?
Hospiteringsordninga i lærarutdanningane ved UiA gir faglærarar frå BLU, GLU og 8–13 moglegheit til å søke om midlar til å hospitere i ein partnarskole eller -barnehage i inntil 37,5 timar per semester. Timane kan takast samla over ei veke eller fordelast på fleire enkeltdagar.
Ordninga legg vekt på fleksibilitet og låg terskel for samarbeid. Faglærarane blir kopla med ein lærar på praksisstaden, og saman avtaler dei korleis tida skal brukast – det vere seg observasjon, deltaking i undervising, faglege samtaler eller fagleg utvikling. Partnarskolane får ein økonomisk kompensasjon, og ordninga inneber inga ekstra administrativ rapportering for lærarane.
Hospiteringa skal styrke koplinga mellom utdanning og praksisfeltet, og sørge for at faglærarar får innsikt i dagens skolekvardag, arbeidsmetodar og elevmangfald.
Tar erfaringane tilbake til undervisinga på UiA

Camilla fortel at ho har besøkt undervising på 5., 6. og 7. trinn, og etter vinterferien skal ho følge kunst- og handverksundervising på 4. trinn.
– Eg tenker hospiteringsordninga er ei fin ordning der eg som faglærar kan sjå kva som faktisk går føre seg i ein skole og i eit klasserom. Det gjer at eg kan gjere mi eiga undervising meir relevant for arbeidslivet studentane skal ut i, fortel ho.
Samtidig trekker ho fram kor lærerikt det er å observere det profesjonsfaglege handverket til lærarane i praksis:
– Eg tar med meg at det er viktig å ha ein plan A, B og C. Fleire elevar treng hjelp samtidig, og da er det fint at elevane har venteoppgåver dei kan jobbe med mens dei ventar. Det skaper arbeidsro og flyt.
Gjensidig utbytte
For Camilla gir hospiteringa verdifull innsikt i læringa, progresjonen og arbeidsmåtane til elevane. For partnarskolane bidrar ordninga til fagleg dialog, inspirasjon og styrkt samarbeid med UiA.
– Eg har vore heldig som får vere med i fleire klassar og følge ein så dyktig lærar. Det er inspirerande, og eg tar med meg mykje tilbake til studentane våre, avsluttar ho.