
Representantar frå dei elleve partnarskolane, skoleeigarane i Grimstad, Lillesand, Birkenes og Kristiansand og tilsette ved UiA samla seg da dei nye partnarskapsavtalane blei formelt signerte. Samlinga markerte eit samarbeid som over tid har utvikla seg frå å handle om praksisplassar til å bli eit gjensidig partnarskap om lærarutdanning.
– Fleire i sektoren ser med interesse på det vi har fått til her. At alle samarbeidspartnarane om ungdomsskulepraksis er samla rundt same bord for å signere avtalane, er ganske unikt. Dette er noko vi skal ta vare på og vidareutvikle, påpeiker Espen Ekse-Gundersen, praksisleiar for trinn 8–13.
Frå praksisplass til partnarskap
Samarbeidet mellom UiA og skolane har utvikla seg stort gjennom åra. Der praksis tidlegare ofte handla om å finne skolar med kapasitet til å ta imot studentar, handlar dagens partnaravtalar om eit meir forpliktande og gjensidig samarbeid.
Målet er å bygge sterke og varige relasjonar mellom universitetet og skolane studentane møter i praksis.
– Vi ønsker ikkje nokon få utvalde universitetsskolar og elles tilfeldige praksisskolar. Ambisjonen er å ha gode partnarskap med alle skolane studentane våre skal ut i. Det skaper kontinuitet, kvalitet og tillit, seier studieleiar for 8–13-utdanningane, Anne Kari Slettan.

I dag har lærarutdanningane for trinn 8–13 elleve etablerte partnarskolar i ungdomsskulen som samarbeider tett med UiA om praksisopplæring, profesjonsutvikling og vidareutvikling av utdanningane. I tillegg kjem partnarskolane for praksis i vidaregåande skole.
Lærarutdanning skjer fleire stader
Eit gjennomgåande tema under samlinga var at lærarutdanning ikkje skjer på universitetet aleine. Studentane trekker fram praksis som ein av dei viktigaste delane av utdanninga, og på partnarskolane møter dei erfarne lærarar, sterke fagmiljø og klasserom der teori blir til praksis.
– Studentane fortel oss at det er i praksis dei lærer mest om det å vere lærar, og særleg om profesjonsidentitet. Derfor er skolane så viktige samarbeidspartnarar for oss, fortel Slettan.
Skolane bidrar samtidig med verdifull kompetanse inn i lærarutdanningane.
– På skolane finst det sterke fagmiljø og mykje erfaring. Dette er attraktive samarbeidspartnarar for UiA, understrekar Magnus Mork, direktør for Avdeling for lærarutdanning.

Bygger på tillit
Tillit blei løft fram som ein nøkkel i samarbeidet mellom skolane og UiA.
Praksisleiar Espen Ekse-Gundersen trekte fram eit bilde han ofte bruker i møte med lektorstudentane før praksis:
– Når læring skal skje, er det ofte eitt spørsmål som er viktigast for elevane: «Vil læraren like meg?» På same måte må vi vere trygge på kvarandre i partnarskapet. Tillit gir rom for utvikling, nytenking og framgang.
Samtidig inneber eit godt partnarskap at ein kan utfordre kvarandre.
– Som i gode partnarskap flest er vi ikkje alltid einige om alt. Men når vi er ueinige, er det fordi vi er engasjerte og ønsker det beste for elevar, studentar og skole, seier Mork.
Ein milepæl å markere
Sjølv om avtalane først og fremst formaliserer eit samarbeid som allereie er godt etablert, blei markeringa sett på som ein viktig milepæl. Og om dette faktisk var den første signeringslunsjen i verda i sitt slag for lærarutdanningane, slik praksisleiaren spøkefullt hevda, er kanskje vanskeleg å dokumentere. Men at samlinga samla skoleeigarar, skoleleiarar og universitetet rundt eit felles mål, er det ingen tvil om.
For lærarutdanning skjer verken på universitetet eller i skolen aleine. Den blir skapt i partnarskapet mellom dei.