– Eg håper eg får gode tips til jobbsøkarprosessen

Ein onsdags ettermiddag før eksamensperioden samla rundt 80 lærarstudentar seg på UiA for å få innsikt i kva som ventar dei i arbeidslivet. Arbeidslivsdagen 2025 gav svar på spørsmål om alt frå løn til jobbsøknad.

Bildet viser Gunn Margit Rauboti og Suvanja Thavapalan

Gunn Margit Rauboti og Suvanja Thavapalan studerer begge på lektorutdanning for trinn 8–13 og er spente på vegen etter studia. Arbeidslivsdagen gir svar på nokre av spørsmåla dei har.

Av Maren Skaar Wilford
Publisert 24. nov. 2025 - Sist endra 12. des. 2025

– Eg håper å få nokre tips til korleis skrive ein god søknad, vere best mogleg førebudd til intervju og stille som ein best mogleg kandidat, seier Gunn Margit Rauboti, lektorstudent på femte året, – Så eg håper eg klarer å notere ned nokre lure ting eg kan ta med meg.

Gunn Margit kan også ta på seg æra for at medstudent på fjerde studieåret Suvanja Thavapalan, er til stades. Suvanja melde seg på då ho fekk vite at Gunn Margit skulle:

– Eg angrar ikkje, for å seie det sånn, fastslår ho.

Rustar avgangsstudentane på vegen vidare

Studentane frå barnehagelærarutdanningane, grunnskolelærarutdanningane, lektorutdanninga og PPU fekk møte og høyre frå både einingsleiar i barnehage og rektorar i skole, tillitsvalde frå Utdanningsforbundet, tidlegare studentar og representantar frå lærarutdanningane sjølv. Arrangementet er etterspurt av mange studentar og programmet er laga for å ruste sisteårsstudentane i både jobbsøkingsprosessen og den komande arbeidskvardagen.

Treffer andre i same situasjon

Med eit felles ønske om å bli betre førebudd til arbeidslivsdagen, kom studentane med ulike forventningar om kva dei ville få ut av arrangementet. Nokon ville lære meir om vidareutdanning og moglegheiter etter enda utdanning og få svar på spørsmål om blant anna løn, mens andre håpte på konkrete tips til jobbsøknadsprosessen.

Dette er eit arrangement som studentane set pris på at UiA setter i stand. Dei får høve til å treffe andre studentar som er i same situasjon, og ser at dei ikkje er aleine med spørsmåla om å gå frå å vere student til utdanna lærar i barnehage eller skole. Fleire har også sakna informasjon om arbeidslivet tidlegare i studiet.

– Vi har ikkje hatt så mykje om akkurat dette tidlegare, så det er fint å kome litt tettare innpå, seier Jacob-Andreas Hausken, som studerer til å bli barnehagelærar.

Mentalt førebudd

Bildet viser Janne Røer-Skaara
Janne Røer-Skaara frå Framsyn barnehage.

Ein stor del av arrangementet er presentasjonar frå ulike aktørar innan yrka som studentane utdannar seg til. Dei informerer frå heimebanen sin og sit med ein opplevd kunnskap og erfaring som studentane ivrar etter å få eit innblikk i.

Sjølv håper dei på å kunne bidra til at studentane er meir førebudde, tør å vere seg sjølve og at dei veit at dei har nokon som støttar dei dersom det skulle oppstå ulike utfordringar.

– Eg synest det er kjempeviktig med denne dagen, fordi dei får mentalt førebudd seg. Og så håper eg studentane tar med seg at dei kan gle seg til å gå ut i jobb, seier Janne Røer-Skaara, einingsleiar for Framsyn barnehage i Lillesand.

I tillegg til tips om intervju frå einingsleiaren, fekk studentane med seg nyttige ord frå Bjørg Jordal i Utdanningsforbundet om rettane deira når dei skal ut i arbeidslivet, som løn, arbeidsforhold og tariffavtalen. Ho håper studentane forstår kor viktig det er å organisere seg.

– Eg håper at dei veit at det finst nokon som støttar dei om dei skulle møte på vanskar, seier Jordal.

Bildet viser Oddvar Vik og Gyrid Grønnlid
Oddvar Vik og Gyrid Grønnlid

Oddvar Vik, rektor på Fiskå ungdomsskule, og Gyrid Grønnlid, rektor på Vennesla vidaregåande skole, snakka om forventingar til yrket utover den formelle kompetansen. Dei understreka at lærarjobben handlar om å sjå eleven og at det er eit yrke der ein kan bruke heile seg.

– Eg trur det er kjempeviktig å ha ei realistisk forventing til kva som møter dei når dei kjem ut i vaksenlivet, så der tenker eg, jo betre førebudd dei kan vere, jo betre er det, seier Grønnlid.

Fekk bekrefting og ny innsikt

Etter dagen var studentane nøgde med utbyttet. Tiril Rykken, barnehagelærarstudent, fekk bekrefta mykje av det ho tenkte, og fekk meir motivasjon til å gå ut i arbeid. Også Jacob-Andreas var veldig nøgd med dagen og med å få litt meir konkrete tal og informasjon.

Bildet viser Tirill Rykken og Jacob-Andreas Hausken
Tirill Rykken og Jacob-Andreas Hausken er fornøgde med årets arbeidslivsdag for lærarstudentar.

Suvanja sette særleg pris på at rektorane var ærlege om jobbsøknadsprosessen:

– Det blir opplevd som veldig truverdig og reelt når det kjem frå dei som jobbar med tilsettingar og vurderingar. Og så sa dei noko om korleis ein kan skilje seg ut, og det er noko som kan kome godt med, kvart fall når det er 150 søknader og 5 ledige stillingar, smiler Suvanja.

Eit anna godt tips frå rektorane var å formidle meir av sin eigen personlegdom i søknad og intervju.

– Dei sa litt om kva slags spørsmål dei kunne stille på intervju, og at det er lurt å trekke fram meir om kva vi sjølv gjer for at elevane skal ha det best mogleg. Ikkje berre fokusere på faga og kva vi kan, men også kva vi vil gjere med den kunnskapen vi har, avsluttar Gunn Margit, forhåpentleg med notatboka full av gode tips og triks.

Arbeidslivsdagen for lærarstudentar blir arrangert kvart år av Avdeling for lærarutdanninga på hausten før siste semester, og gir sisteårsstudentar verdifull innsikt før dei skal ut i arbeidslivet.

Bildet viser stand med ulike give aways, jente bak som smiler
Lærarstudentane i Utdanningsforbundet var også til stades på arbeidslivsdagen.