- Prøveforelesning starter kl. 10.00
- Disputas starter kl. 12.00
Tema for prøveforelesningen
Prediktiv validitet og rettferdighet i opptaksprøver – hvordan kan vurdering av kompetanse og utviklingspotensial fremme mangfold og yrkesmestring?
Les avhandlingen NVA her: https://hdl.handle.net/11250/5276176
Disputasleder: Visedekan Professor Anne Haugland Balsnes
Evalueringskomite:
- Komiteleder Ingolv Haaland, Førsteamanuensis, UiA
- 1. Opponent Runa Hestad Jenssen, Førsteamanuensis, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, Nord Universitet
- 2. Opponent Jens Knigge, Professor, Fakultet for lærerutdanning og kunst- og kulturfag, Nord Universitet
Veiledere i doktorgradsarbeidet:
- Hovedveiledere Professor Nina Sun Eidsheim og Professor Tor Dybo
- Medveileder Professor Michael Rauhut
Sammendrag
Korleis blir eksamenskonsertar vurdert i høgare utdanning innan populærmusikk, og kva betyr vurdering for studentar som utdannar seg til å bli profesjonelle vokalistar? Dette er blant spørsmåla Bodil Kvernenes Nørsett har forska på i si doktoravhandling.
Gjennom intervju med studentar og sensorar, og analyse av dokument frå tre utdanningsinstitusjonar, har Nørsett undersøkt korleis vurdering fungerer i praksis – og korleis den kan bli betre. Studien viser at eksamenskonserten ikkje berre er ein arena for å vise kva ein kan og kva ein har lært, den er også ein viktig del av læringsprosessen. Vurdering kan vere eit kraftfullt verktøy for fagleg utvikling, men då må den vere tydeleg, relevant og open for dialog.
Eit sentralt funn i avhandlinga er at studentar og sensorar ofte har ulike perspektiv på kva som er viktig i ei vokalframføring. Der studentane legg mest vekt på formidling og uttrykk, fokuserer sensorane på balansen mellom teknikk og musikalitet. Dette peikar på eit behov for vurderingsformer som i større grad inkluderer studentane sine erfaringar og refleksjonar. Avhandlinga viser også at tilbakemelding er avgjerande for læring – men at omgrepet ofte manglar i dei offisielle dokumenta som styrer vurderingsarbeidet. Her finst eit gap mellom det som faktisk skjer i praksis, og det som står i retningslinjene.
Med utgangspunkt i teoriar om berekraftig vurdering og læring, bidreg Nørsett med ny innsikt i korleis vurdering kan utviklast vidare i høgare musikkutdanning. Forskingsarbeidet har særleg relevans for rytmisk vokalpedagogikk og populærmusikkfeltet, og peikar på at eksamenskonserten har eit urealisert potensial som læringsarena.
Slik følger du disputasen digitalt
Disputasen er åpen for alle. Meld deg på via denne Zoom-lenken - https://uiano.zoom.us/j/62371601414?pwd=9ot07rpt7TCiets3NXSZGIWkCYkWS8.1
Du logger deg på tidligst 10 minutter før oppgitt tid. Etter dette kan du når som helst forlate og komme inn igjen i disputasen.
Opponent ex auditorio:
Tidsfrist for å stille spørsmål er senest i løpet av pausen mellom opponentene. Spørsmål ex auditorio fra publikum kan sendes til Dekan Marit Wergeland marit.wergeland@uia.no.