Lillebø har ein variert bakgrunn med ei bachelorgrad i ingeniørfag og etterutdanning i engelsk. Ho har jobba som omsetjar, lærar og journalist. Som mange andre i språk- og mediebransjen har ho merka korleis KI-verktøy tar stadig over fleire oppgåver.
– KI har tatt mange av dei oppdraga eg fekk tidlegare. Men eg har alltid vore nysgjerrig av natur, så eg bestemte meg for å forstå meir om kva som faktisk skjer, fortel Lillebø.
Fekk større forståing
Lillebø tok kurset KI og musikk ved UiA som nettstudium. Mikroemnet på 2,5 studiepoeng gav henne innsikt i både kunstig intelligens og musikkteknologi .
For henne handlar kurset meir om å sjå og utforske kva KI faktisk kan.
– Eg har leika mykje med det eg lærte, både som kurshaldar og når eg speler instrument. Vi lærte blant anna å skilje ut tonar, slik at eg kan spele min stemme til eit orkester eller berre eitt eller to andre instrument. Det var veldig kjekt, seier Lillebø.
Ho har også laget musikk heime for sin eigen del.
Tre samlingar over eitt semester
Kurset er lagt opp som nettstudium med tre digitale samlingar i løpet av semesteret, noko som passa Lillebø bra.
Det ho trekker fram som mest verdifullt, er kombinasjonen av fagleg djupne og fleksibel læring.
– Læraren var dyktig, og medstudentane svært engasjerte. Eg lærte enormt mykje av dei alle. Dessutan gir nettstudiet fridomen til å lære når det passar best, seier Lillebø.
Tilrår kurset til andre
På spørsmål om ho vil tilrå studiet til andre, kjem svaret raskt.
– Ja, utan tvil. Det er ein fantastisk måte å utvide horisonten på, same kvar ein står i livet, seier Lillebø.
Og dette blir neppe hennar siste vidareutdanning.
– Når ein kan studere på denne måten, er det lett å få lyst til meir. Eg trur det er viktig at vaksne fortset å vere nysgjerrige. For meg handlar det om å aldri slutte å lære – og å gle seg over alt ein kan oppdage undervegs, seier Lillebø.