Den klassiske og den rytmiske musikkverda smelta saman i ein heilt spesiell konsert på Universitetet i Agder denne veka. Lunsjkonserten av og med studentar og tilsette ved Fakultet for kunstfag, var eit samarbeid mellom UiAs senter for framifrå utdanning, CreaTeME, og Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk.
Arrangementet var det første konsertsamarbeidet mellom instituttet og CreaTeME. Pianist og førsteamanuensis Mariam Kharatyan er svært nøgd med det kunstfaglege samspelet som konserten la til rette for:
– Det var fascinerande å oppleve kor inspirerte vi blei undervegs. Eg opplevde at musikken kommuniserte på ein måte som var både intim og responsiv, seier Kharatyan.
Samskaping i augeblinken
Med utgangspunkt i to verk av Maurice Ravel, viste musikarane frå fagmiljøa klassisk musikk og elektronisk musikk korleis nye uttrykk og lydlandskap kan bli til gjennom improvisasjon, innovasjon og teknologi.
– Det var spesielt å oppleve min eigen song remiksa på denne måten, seier mezzosopran og UiA-alumn Oda Marita N. Norevik.
Ho framførte «Trois Poèmes de Mallarmé» og «Chanson Madécasses» saman med kollega Mariam Kharatyan på piano og dei klassiske musikkstudentane Evdoxia Metso på cello og Mirjam Eszter Pálfai på fløyte. Under framføringa til det klassiske ensemblet gjorde dei elektroniske musikkstudentane Mia Heilberg og Jakob Sæterstad opptak og remiksa musikken.
Resultatet vart ei improviserande musikalsk samtale mellom utøvarane på scena. Publikum blei vitne til korleis musikarane samarbeidde om å skape nye lydbilde i augeblinken.
Stolt av studentane
Kharatyan meiner det er viktig å involvere tidlegare og noverande studentar i kunstfaglege forskingsprosjekt som denne konserten er eit eksempel på:
– Målet var å utforske saman, eksperimentere med interpretasjon og skape ny musikk gjennom konseptet respons-improvisasjon. Eg har utforska dette konseptet dei siste åra i ulike kunstnarlege forskingsprosjekt.
Kharatyan rosar alle musikarane som deltok i prosjektet. Ho meiner dei gjorde ein fantastisk innsats.
– Det var ei glede å opptre saman og å vere så tilstades når alle musikalske val føregjekk i augeblinken.
– Vi var live, samskapande og samkomponerande der og då, på scena. Eg opplevde det som svært inspirerande, seier ho.
Samarbeider gjerne igjen
Konserten viste kor kraftfulle samarbeid på tvers av kunstfaglege retningar kan vere. Arrangementet vart ein inspirerande møteplass for klassisk musikk, levande elektronikk og poesi. Skjermen bak musikarane fungerte som ein audioreaktiv visuell installasjon som understreka det kreative og eksperimentelle.
Kharatyan meiner at det samskapande møtet mellom klassisk og elektronisk musikk gjekk over all forventing.
– Vi delte visjonen om å krysse grensene for musikalske sjangrar og skape eit tverrfagleg rom for innovasjon. Dette gir oss uendeleg kunstnarleg fridom til å skape ny musikk.
– Eg ser fram til det neste samarbeidsprosjektet med CreaTeME, seier Kharatyan.