– Kombinasjonen av kunstfag og naturfag fører ofte til svært meiningsfylte tverrfaglege samarbeid, seier Janne Robberstad.
Ho er øko-scenograf og forskar på berekraftig design og kreativitet i tverrfagleg undervisning gjennom prosjektet Global Science Opera.
Arbeidsmetodane frå Robberstads doktorgradsprosjekt var viktige då ho besøkte UiA for å halde ein workshop i øko-scenografi med studentane på samtidsteater.
Med svinnande isbrear som gjennomgåande tema, lærte studentane korleis dei kan skape kunst på lag med naturen og miljøet frå planleggingsfasen til ferdig verk.
Isbrear som tema
Samarbeidet mellom Robberstad og teaterstudentane tok utgangspunkt i forsking om isbrear. I løpet av veka skapte studentane tre ulike framsyningar med isbrear som fellesnemnar. Arbeida blei sett inn i ein større samanheng der breane var døme på dagens tap av natur og mangfald.
Ting studentane fann heime, i søpla eller på lageret fekk nytt liv i arbeidet med framsyningane. Ein gamal båt-presenning, fargerike serviettar, plastposar og restar av stoff iscenesette isbreen på ulike måtar.
Forholdet mellom menneske og natur gav også retning for korleis studentane spelte ut teaterstykka. Ein heimlaus isbjørn og blodige fotspor i snøen var effektive verkemiddel som utløyste kjensler som sinne, uro og ubehag.
Dei tre isbre-framsyningane viste korleis berekraft kan vevast inn i tematikk, scenedesign, kunstnarleg uttrykk og interaksjon med publikum på ein heilskapleg måte.
Kvalitet gir lengre liv
Prinsippa som Robberstad underviste studentane i, blir kalla for øko-scenografi.
Øko-scenografi i teaterfaget handlar om å lage scenedesign på ein miljøvenleg måte. Prinsippa er mykje dei same som elles i samfunnet: Det er eit mål å bruke materiale som ikkje skadar miljøet, å resirkulere så mykje som mogleg og å redusere mengda avfall.
Scenografien er blant dei største kjeldene til avfall og ureining i scenekunstindustrien. Derfor er det viktig at studentane lærer korleis dei kan gi til dømes rekvisittar og kostymer eit langt liv på teaterscenen.
– Eg er opptatt av funksjon, kvalitet og allsidigheit i både handverk og materiale, seier Robberstad.
Ho peikar på at det å velje materiale av god kvalitet ofte vil vere det motsette av bruk og kast. Robberstad oppmoda studentane til å skaffe seg materialkunnskap og tekniske ferdigheiter slik at dei kan forstå og vurdere om noko har god eller dårleg kvalitet.
Bra tidspunkt
Tredjeårsstudentane på samtidsteater skal snart i gang med å planlegge sine avsluttande eksamensprosjekt.
Ida Fugli er førstelektor ved Institutt for visuelle og sceniske fag og lærar for samtidsteaterstudentane. Ho meiner det er viktig at studentane brukar kunnskapen om berekraft i teaterfaget når dei skaper ny scenekunst.
– Samtidsteater går tett på problem i samtida. Vi lagar teater om det som brenn og det som hastar. Derfor passa det svært godt å undersøke øko-scenografi saman med Janne no.
Inspirerte studentar
Teaterstudent Kristin Wilhelmsen skildrar samarbeidet med Robberstad og medstudentane som gjevande, informativt og spennande.
– Eg synest det var artig å lage installasjonar og bruke scenografi som ein eigen aktør i ei framsyning.
Medstudent Johan Erik Lindberg meiner det var nyttig å eksperimentere med scenografi
og teste kva som fungerer og ikkje med ulike materiale. Han har vakse opp i ein heim der berekraft er ein viktig del av kvardagen.
– For meg er det viktig å tenkje berekraft i alt vi gjer. Så det skulle berre mangle at vi også kan bruke det kunstnarisk.
Lindberg kjem til å ha miljøperspektivet med seg når han jobbar med scenografi framover.
– Det å bruke det ein har tilgjengeleg og tenkje langsiktig, er evner som heilt klart er viktige å ta med seg.
Berekraftig formidling
Studentane er også opptatt av at teater som formidlingsform kan løfte viktige tema og få bodskapen tydeleg fram til mange samfunnslag og aldersgrupper:
– Det er viktig å kunne vise seriøse samfunnsproblem til publikum på ein engasjerande og interaktiv måte. Det kan vere meir effektivt enn lange og kjedelege presentasjonar, spesielt overfor barn og unge, seier Wilhelmsen.
– Interaktive installasjonar og framsyningar kan også fremje samtaler og refleksjon om kva vi kan gjere annleis. Eg veit at eg kjem til å halde fram med å bruke kunsten til å formidle viktige bodskap.