Sjølve overrekkinga fann stad under ein seremoni på musikkscena Cosmopolite i Oslo tysdag denne veka, der ei rekkje av landets fremste musikarar var til stades.
– Eg veit ikkje heilt kva eg skal seie, men eg er både stolt og glad for utmerkinga. Det er ei veldig fin tilbakemelding på musikklivet mitt gjennom mange år. Så dette er sjølvsagt veldig fint, seier den nyutnemnde riddaren.
Lang karriere – starta i 1980
Bendik Hofseth er professor i musikk ved Universitetet i Agder, og har ein omfattande karriere som saksofonist, komponist, songar og plateprodusent. Han byrja å spele saksofon som 18 åring i 1980 – og har sidan vore ein sentral skikkelse i norsk jazz.
Internasjonalt er han særleg kjend for tida si i den verdskjende amerikanske jazzfusjonsgruppa Steps Ahead, der han var medlem frå 1987 til 1992. På albumet NYC frå 1989 står han bak fem av dei elleve låtane. I tillegg har han gitt ut 17 eigne album og seks singlar i perioden 1991–2025.
Høyr NYC på Spotify her.
Sjå albumoversikta her.

– Ein av verdas beste saksofonistar
I det norske jazzmiljøet kjem utnemninga ikkje som ei overrasking.
– Nei, dette er vel fortent. Bendik Hofseth er utan tvil ein av verdas beste saksofonistar. At han no blir heidra på denne måten her heime, er faktisk på tide, seier hans mangeårige medspelar, jazzmusikaren og entreprenøren Carl Størmer.
– Heldige studentar
Også ved UiA er gleda stor.
– Vi er utruleg stolte over at ein av våre professorar får ei slik anerkjenning. Det viser kvaliteten og dedikasjonen i hans kunstnariske virke gjennom heile karrieren – og studentane våre er heldige som får høve til å bli underviste og inspirerte av han, seier dekan Marit Wergeland ved Fakultet for kunstfag.
Storkonsert og éindagsfestival i Operaen
I samband med ridderutnemninga og ei karriere som har sett tydelege spor i norsk jazz, inviterer Hofseth til ein storstilt konsert i Den Norske Opera & Ballett 21. juni. Konserten A Little Parade blir omtalt som ein éindagsfestival og samlar musikarar frå fleire generasjonar i norsk jazz.
På hovudscena – med plass til rundt 1 360 gjestar – stiller både Hofseth sitt legendariske 1990 talsband og dagens ensemble, i tillegg til kor, strykarar og eit stort tal gjestemusikarar frå inn- og utland. Kvelden blir òg filma av regissør Odd Geir Sæther.
Konserten er arrangert av Christer Falck, som lovar «gammelt band, nytt band, kor, strykarar og ei drøss med gjester». Totalt vil over hundre medverkande stå på scena denne kvelden.
Ridder av 1. klasse – St. Olavs Orden
- Ei av dei høgaste sivile utmerkingane i Noreg.
- Blir tildelt av kongen for framifrå fortenester for Noreg og menneskeslekta.
- Ligg på nivå fire av fem i St. Olavs Orden (over Ridder, under Kommandør).
- Blir ofte gitt til personar som har utmerkt seg innan kunst, kultur, samfunnsliv, vitskap eller humanitært arbeid.
- Delast ut til mellom 15 og 20 personar i året i snitt.
- Nokre andre kjende jazzmusikarar som har fått St. Olavs Orden er: Arild Andersen, Karin Krog, Jan Garbarek og Terje Rypdal.