Ny bok skal fremje songglede i skulen

– Endeleg finst det pensumlitteratur om song for lærarstudentar! seier redaktør og UiA-professor Anne Haugland Balsnes

Bilde av redaktør og UiA-professor Anne Haugland Balsnes.

Professor ved Institutt for klassisk musikk og musikkpedagogikk ved UiA, Anne Haugland Balsnes, er redaktør for den nye boka "Sangglede og stemmebruk i skolen". (Foto: privat)

Av Hildegunn L. Holtan
Publisert 6. juni 2024 - Sist endret 10. juni 2024

– Boka eignar seg også godt for dei som alt jobbar i skulen, seier Haugland Balsnes. 

Ho deler redaktørrolla for boka "Sangglede og stemmebruk i skolen" med kollegaene Ingrid Danbolt og Siri Haukenes frå OsloMet. Boka blir lansert på Huset for kunst og kultur i skolen, Seilet,  i Oslo fredag 7. juni. Tilsaman 27 ulike forfattarar frå SANGBARSK-nettverket har bidratt i bokprosjektet.

To nye bøker på kort tid

Alle lærarutdanningsinstitusjonar i Noreg er representerte i det nasjonale nettverket SANGBARSK, som står bak utgjevinga. SANGBARSK står for SANG i BARnehage og SKole. Haugland Balsnes er leiar for nettverket, med formål om å forske på og fremje song i barnehage, skule og lærarutdanning.  

– Forskarar i nettverket har gjennomført fleire nasjonale undersøkingar om song i utdanning og har skrive ei rekkje artiklar om tematikken, seier ho. 

Læreboka om song for barnehagelærarutdanninga (BLU) kom ut i 2023 og no er ei tilsvarande bok for grunnskulelærarutdanninga (GLU) klar for lansering. Haugland Balsnes er redaktør for bøkene, som begge er gitt ut på Gyldendal forlag. 

– Mange har allereie tatt i bruk "Sangglede og stemmebruk i barnehagen" som kom ut i fjor. Vi er glade for å høyre at boka blir opplevd som praksisnær og nyttig.

– Det beste komplimentet fekk vi frå ein av studentane, som fortalde: "Det er akkurat som om boka er skriven for oss!" Og det er den jo, seier Haugland Balsnes. 

Song som helseressurs

Dei nye lærebøkene er eit ledd i arbeidet med å fremje song, i fyrste omgang i barnehage og skule. Det er her ein må byrje om ein vil fremje song i samfunnet generelt: 

– Mange nordmenn følgde med på NRK-serien om demenskoret og såg korleis song gav meistringsopplevingar, fellesskap og glede. Om song skal kunne fungere som ein helseressurs i alderdomen, må born og unge oppleve song. Vi må lære nokre av dei same songane på tvers av generasjonane, seier Haugland Balsnes.

Praktiske tips og tilgang til digitale ressursar

Den lanseringsklare boka "Sangglede og stemmebruk i skolen" skal vere til hjelp for å innlemme song i kvardagen som lærar i grunnskulen. 

– Undervegs får lesaren ei rekkje praktiske tips til korleis ein kan bruke stemme og song i skulekvardagen. QR-kodane i boka leier til Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa. Her får ein tilgang til eit stort digitalt ressursmateriale, seier Haugland Balsnes. 

Boka gir kunnskap om stemma som profesjonsfagleg verktøy og instrument. Fleire kapittel handlar om song og språkutvikling, andre kapittel gir tips til korleis lærarar kan bruke song i ulike skulefag.

Elevane lærer både gjennom hovudet og kroppen. Derfor inneheld boka også eit kapittel om song og rørsle. I tillegg inneheld boka kapittel om joik, digital teknologi, krafta og mogelegheitene i songen, estetiske læringsprosessar, song i tilrettelagt opplæring, sosiale fellesskap og inkludering.