- Samarbeidet med UiA er eit viktig steg i å gjere Tangen-samlinga og utstillingane våre endå meir tilgjengelege. Vi håpar at vi gjennom dette samarbeidet kan løfte samtalen om kunst både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Maria Mediaas Jørstad, direktør for Kunstsilo.
Den nye samarbeidsavtalen mellom UiA og Kunstsilo gjeld for fire år og spenner frå strategiske satsingar til konkrete prosjekt på tvers av fakultet og fagmiljø.
- Kunstsilos første år har verkeleg imponert oss, både kunstnarisk og i måten museet bidrar til å sette Agder på kartet. Vi ser fram mot eit endå sterkare og tettare samarbeid, seier Sunniva Whittaker, rektor ved UiA.
Populært vidareutdanningskurs
Både utvikling av studietilbod, forsking, hospitering og studentpraksis er eksempel på korleis Kunstsilo og UiA vil samarbeide framover.
Våren 2025 starta UiA og Kunstsilo vidareutdanningstilbodet Nordisk modernisme, som raskt blei fylt opp. Kurset har fysiske samlingar på Kunstsilo, der fagtilsette herfrå bidrar i undervisinga.
Frå 1. oktober blei det igjen mogleg å søke på kurset, som har oppstart januar 2026.
- Vi er veldig glade for at kurset i Nordisk modernisme blei så populært. Samarbeidet med UiA er med på å bygge kompetanse og skape merksemd rundt det som er eit viktig strategisk satsingsfelt for museet, seier Else-Brit Kroneberg, leiar for samlingane ved Kunstsilo.

Tilsette, forskarar og studentar drar nytte av kvarandre
Kunstsilo har også inngått ein eigen samarbeidsavtale med fakultetet for kunstfag på UiA. Her er det fleire prosjekt på gang.
- Begge aktørar har høg kompetanse innan fleire felte kvar vi kan dra nytte av kvarandre, seier Marit Wergeland, dekan ved fakultetet for Kunstfag.
Dei neste åra skal dei blant anna jobbe saman for å styrke utdanningstilbodet til regionen innan kunst og kultur – frå barnehage til høgare utdanning.
- Gode praksismoglegheiter for studentar, doktorgradsprosjekt og samarbeid om forskingsgrupper er også ein del av samarbeidet vårt, seier Wergeland.
Igangverande prosjekt mellom UiA og Kunstsilo
- Vidareutdanningskurset Nordisk modernisme
- Studentar i visuell kunst og formidling ved UiA får høve til å utvikle eigne formidlingsopplegg og teste det ut i praksisperiodar på Kunstsilo.
- Kunstsilo er med saman med UiA i *MishMash, eitt av dei seks nye nasjonale forskingssenter på kunstig intelligens.
- Samarbeid om festivalar og konferansar som PUNKT og Fragment
- Tilsette på Kunstsilo bidrar inn i fleire kunstfaglege forskingsgrupper på UiA