– Å skape teater som treff målgruppa er vanskeleg. Når målgruppa er barn, er det ekstra vanskeleg, seier førsteamanuensis Siri Linde Ingul ved UiAs Institutt for visuelle og sceniske fag.
Ingul er lærar og instruktør for studentane som har hatt emnet Skape teater i sitt første semester av bachelorgraden i samtidsteater. Dei skapande elementa i teaterarbeidet blir særleg vektlagt og eitt av læringsmåla er å trene opp heilskapleg tankegang frå idé til ferdig framsyning.
Studentane fekk denne hausten i oppgåve å skape teater som er tilpassa målgruppa barnehagebarn. Ifølgje Ingul er dette langt ifrå ei enkel oppgåve:
– Barn er eit kjempegodt publikum å øve seg på for studentane når dei skal skape teater. Læringskurva er bratt og studentane veks mykje på det, seier Ingul.
Kvifor er barneteater vanskeleg?
Kari Waarum Vierli og Wilma Nilsen er to av studentane som har samskapt teater for barnehagebarn dette semesteret. I desember tok dei framsyninga om løva og ulven ut på turné til ulike barnehagar i Lillesand.
Wilma og Kari har lite erfaring med å skape teater for barn frå før. Dei synest oppgåva var morosam, men også krevjande og utfordrande.
– Barn er jo ikkje eit teater-trent publikum. Dei går rett på det dei ser og kva det tyder. For oss blei dette god øving i å vere tydelege på det vi skal fortelje, seier Wilma.
Blant anna måtte studentane førebu seg på at impulsive og uredde barn brått kan blande seg inn i skodespelet.
– Både dramaturgi, framdrift og presisjon er noko vi har tenkt ekstra mykje på når vi har skapt teater for denne målgruppa, seier Kari.
– Vi ønskjer også å gi rom for undring og poetiske element, slik at barneteater, på same måte som all anna scenekunst, blir ei kunstform og ikkje berre rein underhaldning.
Ville dyr og estetiske univers
Stykket til Wilma og Kari tok utgangspunkt i diktet Det er ville dyr i min hage. I rollene som løve og ulv, spelar studentane ut ei tilsynelatande uløyseleg konflikt der begge partar vil ha meir enn den andre. Til slutt kjem snøen dalande som ein velgjerande distraksjon, slik at rivalane gløymer kva dei krangla om.
Ei anna gruppe studentar jobba med teater for dei aller minste Her leika studentane med eit estetisk univers der kunsten legg til rette for ein undrande måte å vere saman på. Denne framsyninga blei spelt for barn opp til to år, både i Kilden og for barna i Hokus Pokus barnehage i Kristiansand.
Samtidig bodskap
Framsyninga for dei minste hadde eit visuelt og samtidig uttrykk og handla blant anna om plassen det vesle mennesket har i eit uendeleg univers.
Det ville og dyriske som spelar seg ut mellom løva og ulven, kan fort tolkast som eit bilde på det som skjer i samtida her og no. Ingul er opptatt av at samtidsteater ikkje skal lære bort, men heller opne dører for den sjølvstendige tanken. Samtidsteater kan vere trøystande, men skal ikkje moralisere, meiner ho:
– Barn ser at det skjer ting, enten dei ser ut av vindauget eller på ein skjerm. Ofte treng dei eit rom for å omarbeide det dei ser, seier Ingul.
– Vårt mål er ikkje å oppdra eller å lære bort, derfor er stykka også fri for moral. Dei skal vere opne for tolking og ta barna og deira undringskompetanse på alvor, seier Ingul.
Ho er derfor svært nøgd med at samtidsteaterstudentane fekk sjansen til å teste sine nyskapte samtidsuttrykk på riktig målgruppe.
– For oss er dette ein vinn-vinn-situasjon der studentane får møte publikum og publikum får møte samtidskunsten. Mange barn i denne målgruppa har aldri opplevd teater før. Når vi får lov til å møte dei på eigen arena, er det ekstra viktig at kvaliteten i kunstuttrykket er høgt, seier Ingul.