- Prøveforelesning starter kl. 10.00
- Disputas starter kl. 12.00
Tema for prøveforelesningen: Karakteristiske trekk ved nordiske biografier for barn siden 2000-tallet i lys av den nyere forskningen på barnelitterær sakprosa
Disputasleder: leder av ph.d.-programmet professor Årstein Justnes
Bedømmelseskomite:
- Førsteopponent: Seniorforsker Anna Karlskov Skyggebjerg, fra Københavns Profesjonshøyskole
- Andreopponent: Førsteamanuensis Inger-Kristin Larsen Vie, fra Universitetet Innlandet
- Komitéleder: professor Reinhard Hennig, UiA
Veiledere i doktorgradsarbeidet:
- Hovedveileder: professor Unni Langås, UiA
- Medveileder: professor Svein Slettan, UiA
Sammendrag
Minne om krig: Fototekstuell formidling av den andre verdskrigen i etterminnelitteratur for barn
Denne avhandlinga undersøker korleis eit etterminneperspektiv, forstått som formidling av minne gjennom etterkomarar og personar utanfor den nære familiekretsen, kjem til uttrykk i samspelet mellom bilde og tekst i bøker som er kategoriserte som litterær sakprosa for barn. Materialet består av Brevet frå krigen (2017) av Ingunn Røyset, Øverst på nazistenes liste (2014) av Arne Vestbø og Paulas reise (2019) av Torunn Berge.
Studien byggjer på nærlesingar og rettar særleg merksemda mot formidlinga som skjer i det fototekstuelle samspelet og gjennom dei narrative strategiane som blir nytta. Desse strategiane er utforma med ein ung lesar i tankane, noko som gir analysane ein lesarorientert dimensjon, med særleg vekt på korleis tekst og bilde legg til rette for identifikasjon og affektiv respons. Gjennom nærlesingar undersøker avhandlinga korleis bøkene formidlar erfaringar frå krigen på måtar som ikkje berre gir faktakunnskap, men også skaper affektive, sanselege og identifikatoriske erfaringar. Ved å rette merksemda mot samspelet mellom tekst og bilde, og mot korleis fortida blir estetisert, dokumentert og gjort meiningsfull for nye generasjonar, bidrar avhandlinga til ei forståing av korleis krigen held fram med å leve vidare som minne. Samtidig viser ho korleis dette samspelet opnar for særmerkte former for erfaringsformidling i litteratur for unge lesarar.
Det teoretiske rammeverket er forankra i fire sentrale omgrep: minnelitteratur, etterminnestudiar, fototekstualitet og den nasjonale grunnforteljinga, der etterminne og fototekstualitet utgjer dei viktigaste teoretiske tyngdepunkta i avhandlinga. Minnelitteratur, her forstått som erindringslitteratur, viser til tekstar som byggjer på erindra erfaringar og verkar i skjeringspunktet mellom fakta og fiksjon, ofte med tilknyting til vitnesbyrdtradisjonen. Omgrepet etterminne viser til vitnesbyrd frå etterkomarar av krigsoffer, og i utvida tyding også frå aktørar utanfor familiesfæren, som kunstnarar og forfattarar. Ettersom slike vitnesbyrd ofte blir formidla gjennom samspelet mellom tekst og bilde, gir teoriar om fototekstualitet eit rammeverk for å analysere dette samspelet. I ein norsk kontekst blir desse forteljingane også forstått i lys av det som ofte blir omtalt som den nasjonale grunnforteljinga om krigen. Avhandlinga undersøker derfor korleis bøkene sluttar seg til denne forteljinga, og om dei utfordrar henne gjennom alternative perspektiv eller motforteljingar. I eit overordna perspektiv undersøker avhandlinga korleis unge lesarar kan erfare både det kjende og det framande i møte med historisk materiale, og korleis dette bidrar til ei forståing av korleis fortida blir erfart og aktualisert i notida.
Avslutningsvis løftar avhandlinga fram rolla til førestillingsevna i etterminnet og møtet mellom denne og førestillingsevna til barnelesaren. Å aktivere førestillingsevna blir forstått som ein føresetnad for forståing, empati og refleksjon, og ligg til grunn for vidareføringa av minne. Det er gjennom dette samspelet at det blir etablert eit «levande samband» med historia.
Slik følger du disputasen digitalt
Disputasen er åpen for alle. Meld deg på via denne Zoom-lenken.
Du logger deg på tidligst 10 minutter før oppgitt tid. Etter dette kan du når som helst forlate og komme inn igjen i disputasen.
Opponent ex auditorio:
Tidsfrist for å stille spørsmål er senest i løpet av pausen mellom opponentene. Spørsmål ex auditorio fra publikum kan sendes til Årstein Justnes.
Kontaktperson:
- E-post
- lise.moss@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 20 58