– Denne boka har vore det mest krevjande bokprosjektet eg har vore med på, men også det mest lærerike, og kanskje det mest vellykka.
Det seier Jon Olav Sørhaug. Han er ein av forfattarane bak læreboka Dimensjoner som vart heidra med sølvplass under bokmessa i Frankfurt 8. oktober.
Totalt kjem tre av fem forfattarar frå UiA. Dei tre er Jon Olav Sørhaug, Leonora Onarheim Bergsjøog Einar Duenger Bøhn. Dei to andre forfattarane er Ingrid Holm Roan frå Kuben vidaregåande skule og Inger-Lill Husøy frå Sandvika vidaregåande.
Boka er meint for religion- og etikkfaget i tredjeklasse på vidaregåande skule.
– Boka formidlar fagkunnskap, men gir også rom for ettertanke og refleksjon over dei store spørsmåla i livet, seier Sørhaug.
Ein viktig lærebokpris
Belma (Best European Learning Materials Awards) har delt ut prisar for beste europeiske læreverk i 24 år. Prisen vert rekna som ein av dei viktigaste som vert gitt til lærebøker.
Juryen består av fagpersonar frå utdanning, lærarutdanning, læreplanutvikling og forlagsbransjen. Dimensjonerpresenterer gjennomtenkte diskusjonar som oppmuntrar elevane til å møte komplekse og sensitive tema med omtanke, skriv juryen i grunngjevinga for prisen.
– Frå jury-omtalen kan det sjå ut som dei har lagt stor vekt på dei sensitive temaa vi diskuterer i boka, som aktiv dødshjelp, kjønn og kropp, utanforskap og religiøse konfliktar. Slike emne må tenkjast og skrivast på nytt for kvar generasjon av elevar i skulen, seier Sørhaug.
Juryen meiner også at bokaer tydeleg på det elevane skal lære, og ho gir ei rettleiing i studieteknikk og arbeidsmåtar som elevane også kan bruke i andre fag.
Juryen prisar bok og nettsider
Ifølge mandatet til juryen, skal dei vurdere både innhald og pedagogisk oppbygging når dei jaktar etter vinnarbøker. I tillegg vurderer dei hjelperessursar som nettsider med oppgåver, videosnuttar og anna bakgrunnsstoff.
– Eg synest boka vart både velskrive og fagleg gjennomarbeidd, og eg håpar at ungdommane som les henne vert nøgde med innhaldet. Ein av mine kjepphestar er at teksten skal stå i sentrum, og at andre element i boka ikkje skal konkurrere, men supplere og illustrere fagstoffet, seier Sørhaug.
Han er nøgd med arbeidsprosessen, ikkje minst tida som er sett av til å diskutere og endre tekstar.
– Vi har fått ting til å henge godt i hop, ikkje minst med å treffe målgruppa, som er elevar i 18-årsalderen. Av dei tre åra boka har tatt å lage, har sikkert to år gått med til å revidere, endre og forbetre tekstane, seier han.
Lange interne diskusjonar
– Vi har arbeidd tett med lærarar som skal bruke verket, og testa delar av det i klasserom saman med elevar. Samarbeidet har gitt ein både morosam og meiningsfull arbeidsmetode for oss undervegs, og eg trur også det er ein nøkkel til suksessen, seier Leonora Onarheim Bergsjø, førsteamanuensis både ved UiA og Høgskulen i Østfold.
Bergsjø har skrive kapitla om dei sentrale etiske tenkjemåtane i vestleg filosofi.
– Eg presenterer eit globalt og maktkritisk perspektiv på etikk, som til dømes etisk refleksjon over ny teknologi som kunstig intelligens, seier ho.
Bergsjø seier forfattargruppa har brukt mykje tid saman for å diskutere og utvikle grep som elevane får utbytte av, og seier det har bidrege til eit godt resultat.
– Elevane skal lære å tenkje kritisk om teoriar, men òg få hjelp til å sjå samanhengen mellom teoriane og problem som er aktuelle for dei i kvardagen. Akkurat det seier juryen vi har lykkast med, og det er ei viktig anerkjenning, seier Bergsjø.
