Litteraturkonferanse om bustad og buformer

9.–11. oktober samlast leiande germanistar frå Norden og verda til konferanse om bustad og buformer i den tyskspråklege samtidslitteraturen. Det er 11. gong det nordeuropeiske forskingsmiljøet møtest for å diskutere tyskspråkleg samtidslitteratur.

Professor Barbara Jadwiga Gawronska Pettersson ønsker deltakerne velkommen til konferansen

Professor Barbara Jadwiga Gawronska Pettersson ønsker deltakerne velkommen

Av Svein Heddeland
Publisert 10. okt. 2025 - Sist endret 14. okt. 2025

Eit unikt nordisk nettverk

Konferansen blir arrangert av forskingsnettverket Zeitgeschichte in deutschsprachiger Gegenwartsliteratur, etablert i 2007. Nettverket samlar germanistar frå dei nordiske landa, men også resten av Europa og verda, og har sidan oppstarten publisert 24 akademiske bøker hos Iudicium i München.

Nettverket møtest annakvart år, og denne gongen har turen komen til Kristiansand. Sist gong var i 2023, med bok nummer 24 gitt ut i 2024. Røtene går tilbake til 2003, då Institut für deutsche Gegenwartsliteratur und Deutschlandstudien (DGD) blei etablert ved Göteborgs universitet. Formålet har vore å bruke litteratur som eit reiskap for å forstå identitet, kollektivt minne og kulturell endring – ikkje berre språkinnlæring.

 

Prof. Dr. Edgar Platen innleiar konferansen.
Årets program
Professor Sonja E. Klocke held innlegg om DDR-design og austtysk bustad som bærarar av kulturelt minne.
Professor Elin-Sofie Nesje Vestli
Frank Thomas Grub held foredrag om bustad og buformer i lys av korona og andre unntakssituasjonar.

Tema: Korleis vi bur – og kva det seier om oss

Årets tema er Wohnen und Wohnräume – bustad og buformer i tysk samtidslitteratur. I løpet av to dagar skal forskarane sjå nærare på korleis forfattarar skildrar det å bu, frå DDR-design som ber av kulturelt minne, til dei mellombelse bustadene til migrantane og påverkinga til pandemien på heimen.

Litteraturen gir unike perspektiv på samtida vår

Thorsten Päplow, førsteamanuensis, arrangerer nettverkskonferansen denne veka.

Thorsten Manfred Päplow er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder, Institutt for framandspråk og omsetting. Han er studieprogramleiar for årsstudiet i tysk ved UiA og arrangør av konferansen.

Kvifor er temaet "bustad og bustadformer" viktig å forske på akkurat nå?

– Litteraturen bidrar med perspektiv og forteljingar som saman med andre perspektiv – kunstnariske, vitskaplege, samfunnsmessige osv. – kan gi eit betre bilete av samtida vår, seier Päplow. Med tanke på Maslows behovspyramide er buformer, i form av husly og tryggleik, som ein heim eller bustad helst skal gi, alltid aktuelle for oss menneske.

Han peikar på koronapandemien som eit eksempel på noko som har gjort noko med forholdet vårt til leilegheitene våre, hus, heim eller andre buformer. Eit anna eksempel er forholdet mellom by og land når det gjeld bustad, der ein i dei tyskspråklege landa og derfor òg i samtidslitteraturen ser tilsynelatande motstridande tendensar: folk flyttar til byane, samtidig som det òg finst ein trend om å flytte frå byen ut til landet.

Temaet bustad og buformer i litteraturen vil bli belyst frå mange ulike vinklar under konferansen.

Dette er planlagt å bli den 25. publikasjonen i serien sidan 2007. Kva har dette nordiske samarbeidet betydd for germansk forsking i Norden?

– Det har betydd utruleg mykje å ha ein publikasjonskanal som viser at det går føre seg germanistisk forsking på høgt nivå i Norden – og dessutan at denne forskinga blir internasjonalt synleg, understrekar Päplow. Dessutan har konferansane, som mange av publikasjonane bygger på, vore eit viktig forum eller moglegheit for møte, samarbeid og diskusjonar mellom germanistar og litteraturforskarar i Norden og utover.

Han legg til: – På den andre sida er eg medutgivar for Perspektiven-serien – det kan altså hende at eg er litt partisk i spørsmålet...

Tomme hus som minnesmerke

Professor Elin-Sofie Nesje Vestli held innlegg på konferansen. Foto: Høgskulen i Østfold

Elin-Sofie Nesje Vestli er professor ved Høgskolen i Østfold, Institutt for språk, litteratur og kultur. Ho forskar på tyskspråkleg samtidslitteratur frå Tyskland, Austerrike og Sveits, med særleg interesse for migrasjonslitteratur og grafisk litteratur. Under konferansen held ho foredrag om Iris Wolffs roman Lichtungen.

Kan du kort forklare kva foredraget ditt handlar om – og kvifor Iris Wolffs roman Lichtungen er interessant å studere med tanke på bustad og tilhøyrsle?

– Iris Wolff blei fødd i 1976 i Romania. I 1985 fekk familien hennar, som tilhøyrde den tyske minoriteten, utreiseløyve og busette seg i Vest-Tyskland, fortel Vestli.

I forfattarskapet sitt utforskar Wolff levekåra til den tyske minoriteten i Romania, både før og etter revolusjonen i 1989.

Vestli beskriv korleis forfattarskapet inneheld mange beskrivingar av ulike bustadhus – tradisjonelle bondegardar, bygardar, leilegheiter, ulike buformer med fleire generasjonar under eitt tak – som gir inntrykk av korleis menneska levde i Romania, særleg under Ceaușescus diktatur.

Gjennom desse beskrivingane får lesaren innblikk i historia til den tyske minoriteten, for eksempel gjennom beskrivingar av tomme hus som står igjen etter at dei som budde der har forlate landet; dei tomme husa er hole minnesmerke over ein fleire hundre år gammal kultur som har gått tapt, forklarer ho. Og ho viser korleis bustader, også i eit samfunn der materielle gode var mangelvare, speglar identitet, tilhøyrsle og minne.

Kva håpar du at publikum tar med seg frå foredraget ditt? Er det noko i forskinga di som òg kan seie noko om korleis vi forstår vårt eige forhold til stad og bustad?

– Eg håpar å kunne gjere nokre nysgjerrige på Iris Wolff, som er ein spennande forfattar som opnar opp ei dør til ei verd og eit samfunn som mange kanskje ikkje veit så mykje om, seier Vestli.

Romanen er nyleg omsett til norsk av Elisabeth Beanca Halvorsen, Lysninger, og kom ut på Cappelen Damm.

Kva skjer vidare?

Konferansen startar torsdag 9. oktober med byvandring og felles middag. Fredag og laurdag blir faglege økter haldne i lokale A7 006, før konferansen blir avslutta laurdag formiddag. Resultatet er tenkt å bli publikasjon nummer 25 i bokserien Perspektiven. Nordeuropäische Studien zur deutschsprachigen Literatur und Kultur (Iudicium Verlag, München) – eit nytt bidrag til det nordiske forskingssamarbeidet som har gått føre seg i snart 20 år.