– At UiA nå har eige institutt for psykologi og har fått begynt å utdanne psykologar er eit løft for heile regionen. Dette er eit resultat av godt samarbeid mellom universitetet, sjukehuset og politikarar, seier fylkesordfører Arne Thomassen.
Han var ein av fleire talarar under opninga av UiAs Institutt for psykologi. Det blei eigentleg opna i januar 2026, men feiringa måtte vente til studentane hadde kome i august.
Aukande behov
– Det er allereie behov for å rekruttere nye psykologar i Agder, og behovet ser ut til å auke i åra som kjem. Utdanninga vår vil vere eit viktig bidrag for å sikre stabil og kompetent psykologikompetanse i regionen, seier instituttleiar Bård Bertelsen.

47 studentar frå heile landet er nå i gang med den seksårige profesjonsutdanninga.
– Vi har tatt sjumilssteg dei siste åra som universitet. Sjølv hugsar eg ikkje kvar eg var då Oddvar Brå brekte staven, men eg hugsar kvar eg var då eg fekk telefon frå forskings- og høgare utdanningsministeren om at vi hadde fått klarsignal til å starte opp profesjonsstudiet i psykologi, sa UiA-rektor Sunniva Whittaker i talen sin.
UiA som førsteval
Leah Christine Lien er student på det aller første kullet, og leiar av linjeforeininga Anima. Ho har fått eit godt førsteinntrykk av UiA.
– Undervisinga er godt lagd opp og opplevest veldig aktuell. Eg blei sjølv interessert i UiA då studentambassadørar kom til den vidaregåande skolen min, og då eg såg at psykologi-studiet skulle starte her blei det førstevalet mitt, seier Lien.

Ho er nå i gang med den seks år lange utdanninga. Første kull skal uteksaminerast i 2032.
– Det er dei krava som gjeld då vi arbeider etter nå. Studentane går gjennom ei oppdatert og praksisnær utdanning – Det er viktig for oss å ha auga på framtida, seier Bertelsen.
Les mer om Psykologi profesjonsstudium


