Livskvalitet handlar om korleis menneske opplever eiga helse og kvardag. Stadig fleire forskarar bruker slike mål for å vurdere om behandling og helsetenester faktisk fungerer. Det gjer programmet på LIVSFORSK breitt.
Professor Astrid Klopstad Wahl frå Universitetet i Oslo opnar konferansen. Saman med professor Ellen Karine Grov frå OsloMet ser ho tilbake på utviklinga av livskvalitet som forskingsfelt. Dei to peikar også framover, mot kvar feltet er på veg.
Vidare i programmet får deltakarane høyre om nye retningslinjer for korleis pasientar sjølv rapporterer symptom i kreftstudiar. Andre foredrag tar for seg statistiske metodar, ny teknologi i forskingssamarbeid, og korleis kunstig intelligens kan brukast i livskvalitetsforsking.
Fleire av UiAs eigne forskingsmiljø deltar med foredrag. Frå miljøa HEIFA og Q-safe stiller blant anna professor Kristin Haraldstad, førsteamanuensis Eva-Grethe Befus, førsteamanuensis Hilde T. Mikkelsen og professor Gudrun Rohde.
Dei presenterer forsking på livskvalitet hos barn og unge, pasienterfaringar og utvikling av framtidas helsetenester. Blant tema er eit livskvalitetsspørjeskjema laga for ungdom og unge vaksne med kreft.
For fullstendig program, følg denne lenka: LIVSFORSK 2026
Praktisk informasjon:
Når: 7.–8. september 2026
Kvar: Universitetet i Agder, Kristiansand
Arrangør: Universitetet i Agder, fakultetet for helse- og idrettsvitskap
Kontakt: Gudrun Elin Rohde, professor. Gudrun.e.rohde@uia.no / 99164094