- Prøveforelesing startar kl. 10.15
- Disputas startar kl. 12.00
Tema for prøveforelesinga er “Time and scale perspectives in the study of regional development”
Disputasen finn stad fysisk i Grimstad, men du kan også følgje den digitalt. Du finner informasjon om dette under.
Vurderingskomité:
- Leiar av komiteen: Professor Tor Helge Aas
- Professor Markku Sotarauta, Tampere University Finland
- Førsteamanuensis Nora Geirsdotter Bækkelund, Høgskulen på Vestlandet
Rettleiarar i doktorgradsarbeidet:
- Professor Jan Ole Rypestøl
Samandrag
Denne avhandlinga undersøker korleis grønn regional industriell omstilling kan forståast gjennom ei vidareutvikling av regionalt innovasjonssystem-perspektivet (RIS). Grøn omstilling skjer både gjennom endringar i etablerte næringar og gjennom framvekst av nye aktivitetar. Dette krev betre forståing av kva vilkår som gjer omstilling mogleg, kor raskt ho kan skje, og kva retning ho kan ta.
Avhandlinga peikar på at eksisterande forsking i for liten grad forklarer kva regionale ressursar og eigenskapar som er viktige, på kva nivå dei verkar, og korleis dei både kan leggje til rette for og hindre omstilling. Ho løftar også fram kultur som ein viktig faktor, særleg gjennom omgrepet kulturell tilpassing og mistilpassing.
Hovudmålet med avhandlinga er å undersøke korleis RIS-perspektivet kan vidareutviklast for betre å forklare korleis regionale ressursgrunnlag og ulike former for aktørskap påverkar grøn industriell omstilling. Avhandlinga viser at både regionale og ekstra-regionale ressursar kan vere avgjerande, og at samansetjinga av desse ressursane kan fungere både som drivkraft og barriere.
Vidare bidreg avhandlinga til betre forståing av aktørskap i grøn omstilling. Ho undersøker korleis både bedrifter og systemaktørar påverkar utviklinga av grøne industrielle utviklingsbanar. Avhandlinga introduserer òg omgrepet koalisjonsaktørskap, forstått som samordna handlingar retta mot felles mål, men med ulike og utfyllande motivasjonar.
Forskinga er inspirert av kritisk realisme og byggjer på eit rikt empirisk materiale frå fleire regionale innovasjonssystem i Noreg og eitt i Sverige. Avhandlinga består av fire artiklar og ei kappe. Artiklane undersøker ulike sider ved grøn regional industriell omstilling, medan kappa presenterer det overordna teoretiske, analytiske og metodiske rammeverket, samanfattar funna og svarar på forskingsspørsmåla.
Slik følgjer du disputasen digitalt
Disputasen er open for alle. Meld deg på via Zoom-registrering.
Du loggar deg på tidlegast 10 minutt før oppgitt tid. Etter dette kan du når som helst forlate og kome inn igjen i disputasen.
Opponent ex auditorio:
Tidsfrist for å stille spørsmål er seinast i løpet av pausen mellom opponentane. Publikum kan sende spørsmål ex auditorio til gunvor.guttormsen@uia.no.
Spørsmål?
- E-post
- gunvor.guttormsen@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 16 48