- Prøveforelesing startar kl. 10.15
- Disputas startar kl. 12.00
Tema for prøveforelesninga er "AI in Organizations: Past, Present and Future"
Lenke til avhandlinga i NVA kommer
Disputasen finn stad fysisk i Kristiansand, men du kan også følgje den digitalt. Du finner informasjon om dette under.
Vurderingskomité:
- Leiar av komiteen: Professor Jouni Kimmo Alajoutsijärvi, UiA
- Førsteamanuensis Omar Itani. The LAU Adnan Kassar School of Business, Beirut, Libanon
- Førsteamanuensis Serena finco, University of Padua, Italia
- Førsteamanuensis Mirco Peron, NEOMA Business school (intern, cotutelle-partner)
Rettleiarar i doktorgradsarbeidet:
- Professor Amandeep Dhir, UiA
- Professor Charbel Jose Chiappetta Jabbour, NEOMA
- Professor Vijay Pereira, NEOMA
Samandrag
Globalt er organisasjonar i eit kontinuerleg kappløp om å vere blant dei første til å utvikle og ta i bruk ny teknologi. Denne forskinga rettar merksemda mot éin slik teknologi: kunstig intelligens (KI). Med KI i front av den teknologiske utviklinga det siste tiåret har leiande verksemder – og mange andre – investert betydeleg med tid og økonomiske ressursar i å utforske og utnytte potensialet teknologien har. Nokre få har lukkast, men dei fleste har ikkje gjort det.
Gjennom ein systematisk litteraturgjennomgang identifiserer denne avhandlinga bruk av ikkje-strategiske tilnærmingar til innføring av KI i organisasjonar som ei sentral årsak til at implementeringsprosessane mislukkast. Avhandlinga identifiserer moglege årsaker til desse utfordringane og introduserer omgrepet «strategisk og berekraftig KI» (Strategic and Sustainable AI – SSAI). Omgrepet viser til at organisasjonar må arbeide både strategisk og berekraftig når dei tek i bruk KI.
Å arbeide strategisk viser her til dei tre fasane i strategisk leiing: strategisk tenking, strategisk planlegging og strategisk implementering. Berekraft viser på si side til å arbeide i tråd med den tredelte botnlinja (Triple Bottom Line – TBL): menneske, planet og profitt.
På dette grunnlaget identifiserer avhandlinga sentrale kapabilitetar som organisasjonar må utvikle gjennom dei tre fasane i strategisk leiing. Desse er utleidde på bakgrunn av intervju med 21 personar i topp- og seniorleiinga i verksemder som har implementert KI. Kapabilitetane omfattar KI-driven leiing, opportunistisk innføring, ressursstyring, evne til å føresjå utfordringar, fleksibilitet, oppfølging av målbare resultat, oppnåing av konkurransefortrinn og måling av både materielle og immaterielle resultat.
Vidare viser funna frå ei spørjeundersøking blant 249 tilsette som arbeider med KI i organisasjonar over heile verda, at låg påverknad frå kollegaer og leiarar fremjar strategisk innføring av KI. Med andre ord er påverknaden frå andre lågast i organisasjonar der det finst ein etablert strategi for innføring av KI.
Analysen av resultata frå spørjeundersøkinga viser i tillegg at den direkte effekten av slik påverknad på berekraftig innføring av KI ikkje er signifikant. Når påverknaden frå andre er låg, er den individuelle forpliktinga blant dei tilsette til strategisk implementering av KI dessutan høg.
Avslutningsvis dokumenterer avhandlinga at berekraftig innføring av KI berre kan oppnåast gjennom strategisk leiing, og gir dermed empirisk støtte til omgrepet «strategisk og berekraftig KI» (SSAI).
Slik følgjer du disputasen digitalt
Disputasen er open for alle. Bli med her
Du loggar deg på tidlegast 10 minutt før oppgitt tid. Etter dette kan du når som helst forlate og kome inn igjen i disputasen.
Opponent ex auditorio:
Tidsfrist for å stille spørsmål er seinast i løpet av pausen mellom opponentane. Publikum kan sende spørsmål ex auditorio til gunvor.guttormsen@uia.no.
Spørsmål?
- E-post
- gunvor.guttormsen@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 16 48