English version of this page

Får 17 millionar til å forske på barnefattigdom

Forskarar skal undersøkje langtidseffektane av tiltaket Nye mønster, som er i drift i 16 norske kommunar. Støtta kjem frå Levekårsprogrammet for Agder.

Bildet kan inneholde: person, smil, erme, ansikt, interiørdesign.

Frå venstre: Eirik Abildsnes, Eirin Mølland og Kristine Vigsnes (foto: Kristiansand kommune)

Av Walter Wehus
Publisert 17. mars 2025 - Sist endret 21. mars 2025

Stadig fleire barn i Noreg veks opp i fattigdom.

Nye mønster er eit tiltak som skal hjelpe å bryte mønsteret der barnefattigdom blir ført vidare frå generasjon til generasjon. 

Det går ut på å tilby ein familiekoordinator som sikrar heilskapleg og koordinert innsats til familiar som strevar med låginntekt og komplekse utfordringar. Koordinatorane følgjer familien tett over fem år, og jobbar med både vaksne og barn i familiane.

Heilskapleg innsats over fem år

Førsteamanuensis Eirin Mølland ved Universitetet i Agder (UiA) er leiar for det nye forskingsprosjektet, som har tittelen "Nye mønster – langsiktige effektar og implementering". Det skal undersøkje effekten av Nye mønster over tid.

Nye mønster

  • Tiltaket vart først utvikla i Kristiansand i 2016. Sidan har det vorte vidareutvikla gjennom Folkehelseprogrammet i Agder, og som eit innovasjonsprosjekt støtta av Noregs forskingsråd. 
  • I dag deltek 16 kommunar over heile landet i Nye mønster, frå Tromsø i nord til Lindesnes i sør. Over 400 familiar involverte. Fleire kommunar har vist interesse for å ta i bruk modellen.
  • Kristiansand kommune er prosjekteigar for forskingsprosjektet «Nye mønster – langsiktige effektar og implementering», i samarbeid med forskarar frå Universitetet i Agder. Partnarkommunar er  Arendal, Stavanger, Lindesnes og NAV Lister.

Mølland fortel at tidlegare forsking på tiltaket har vist positive resultat. Bo-situasjon, økonomi og bruk av tenester endrar seg til det betre for familiane som deltek. Barna deltek også meir i fritidsaktivitetar. 

– Tidlegare forsking har gitt oss kunnskap om utfordringane til familiane og korleis modellen verkar. Men vi manglar framleis kunnskap om dei langsiktige effektane. Det vil dette nye prosjektet gi oss, seier Mølland.

I tillegg skal forskarane undersøkje kva som skal til for at norske kommunar lykkast med å ta i bruk modellar som Nye mønster. Forsking viser nemleg at sjølv med solid dokumentasjon for at eit velferdstiltak har effekt, lykkast berre ein liten del med å ta nye tiltak i bruk.

– Vi skal forske på kva som gjer at nokre kommunar lykkast, og kva utfordringar dei møter. Målet er å utvikle ein modell som er enkel å ta i bruk i nye kommunar, fortel Mølland.

Samskaping i praksis

– Vi er veldig glade og takksame for støtta frå Levekårsprogrammet som gjer dette forskingsprosjektet mogleg. Vi treng meir kunnskap om korleis koordinerte innsatsar verkar over tid. Ofte blir tiltak og tenester tidleg avslutta, og vi veit lite om den langsiktige effekten, seier Kristine Vigsnes.

Ho er forskar i Kristiansand kommune og tek ein offentleg ph.d-grad ved Universitetet i Agder på korleis kommunar handterer komplekse helseutfordringar.

Vigsnes fortel at Kristiansand kommune er oppteke av å jobbe kunnskapsbasert, og tilby tenester som har god kvalitet og som gir effekt.

– Heile vegen har forskinga tilknytt Nye mønster vore eit reelt samarbeid mellom forsking og praksis, og det har vore ein viktig suksessfaktor. Prosjektet utviklar kunnskap som får direkte betydning for utvikling av praksis, seier ho.

Lang tidshorisont

Forskingsprosjektet skal gå over seks år og inkludere to stipendiatar.

Forskingssjef i Kristiansand kommune, Eirik Abildsnes, understrekar kor viktig det er at prosjektet har ei lang tidsramme.

– Vi set stor pris på at Levekårsprogrammet vel å satse på prosjekt som har såpass lang varigheit. Dette vil gi oss ny kunnskap, både om korleis Nye mønster verkar på lang sikt og kva som skal til for å lykkast med implementering, seier han i ei pressemelding frå Kristiansand kommune.

Abildsnes påpeikar at denne kunnskapen også er etterlyst av ekspertutvala for barn i fattige familiar, og at han vil vere viktig for prioritering og utvikling av innsatsar til familiar som opplever komplekse utfordringar.