Skoghytta

Naturmuseum og Botanisk Hage har ei skoghytte som kan lånast/leies til ulike arrangement.

Hytta ligg i skogområdet like bak naturmuseet.

I hytta finn du: 

  • Eldstad
  • Straumuttak
  • Belysning
  • Benkar langs veggene
  • Søppeldunkar utanfor hytta
  • Pølsepinnar kan lånast i resepsjonen

Generelle reglar:  

  • Forlat hytta slik du sjølv ynskjer å finne den! Ta med deg søppel, rusk og rask. Set eventuelle benkar/bord tilbake på plass. Naturmuseet er Miljøfyrtårn-sertifisert, vi set pris på at de tenker på miljøet når de ryddar opp etter dykk.
  • Bruk kull, ikkje ved når eldstad nytta (grunna os).
  • Ikkje slukk kull/glør med vann, la det brenne ned før du går.
  • All bruk av åpen eld gjerast på eigen risiko.
  • Bruk gjerne straumuttak i hytta, men trekk ut kontakt frå støpsel før du går.
  • Slå av lyset når du går.
  • Trivselsreglar for botanisk hage gjeld også for skoghytta
  • Det er ikkje lov å nyte alkohol i skoghytta.
  • La alle vekstar rundt hytta vere i fred. Tre, blomar og busker rundt hytta er også ein del av den botaniske hagen. Sjølv kvistar og stubbar som ligg på bakken er ein del av botanisk hage. Det er altså IKKJE tillate å brekke av greiner eller kutte ned tre i området rundt hytta!

Kven kan låne/leie skoghytta?

Skular og barnehagar:

Skular og barnehagar kan låne skoghytta gratis i museets opningstid.

Nøkkelen hentast og leverast i resepsjonen.

Ring/send e-post til Anita Hæg Hamdi for å booke hytta i forkant.

Tilsette ved UiA:

Skoghytta kan lånast gratis ved aktivitetar/undervisning i regi av UiA innanfor ordinær arbeidstid. Utanfor ordinær arbeidstid kostar det 300 kr. Beløp dekker administrasjon, rigging og rydding.

Nøkkelen hentast og leverast i resepsjonen.

Ring/send e-post til Anita Hæg Hamdi for å booke hytta i forkant.

Kontaktperson:

Bilde av Anita Hæg Hamdi
Kontorleder
E-post
anita.haeg.hamdi@uia.no
Telefon
+47 38 14 24 71

Privat:

Skoghytta kan leiges til privat bruk. I museets opningstid er leien 250kr. Utanfor museets opningstid er leiga 600 kr. Beløp dekker administrasjon, rigging og rydding. Museet vurderer kvart enkelttilfelle individuelt.

Nøkkel hentast i resepsjonen. Dersom arrangementet er utanfor museets opningstid, hentast nøkkelen i resepsjonen i museets opningstid før arrangementet og leverast dagen etter.

Ring/send e-post til Anita Hæg Hamdi for å booke hytta i forkant..

kart over hagen
Skoghytta (16) ligg i skogkanten like bak Naturmuseet og Kaktushuset (14).
Publisert 22. jan. 2024 - Sist endra 6. okt. 2025