I tillegg til universitetet sine reglar for bruk og utleige av lokale gjeld også NBH sine reglar for bruk og booking av museumskaféen. Dersom universitetets og NBH sine reglar ikkje samstemmer, er det NBH sine reglar som gjeld.
Kaféen
- sitteplassar til 30-35 personar
- barnestolar tilgjengeleg
Når kan lokala leigast?
Kaféen kan berre leigast utanom museets opningstid.
Kaféen kan ikkje leigast frå og med 1. juli til 15. august. Leige av kafé i august må bookast seinast 30. juni.
Arrangement og undervisning i regi av UiA: Individuelle avtalar gjeld.
Kva kostar det å leige?
Leigepris er avhengig av type arrangement, omfanget og varigheita. Individuelle avtalar gjeld.
Kontaktperson:
- E-post
- anita.haeg.hamdi@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 24 71
Generelle reglar:
Det er forbode å bruke open eld, som stearinlys, innandørs.
Ved lukka selskap kan det nytast medbrakt alkohol.
Barn må ikkje opphalde seg aleine i kaktushuset, dette av HMS-omsyn. Det er ikkje lov til å ta på plantene. Fleire av plantene er giftige og har skarpe piggar. Kaktusar som tilsynelatande er utan piggar, kan ha "usynlege" piggar som fører til stort ubehag dersom ein tar på dei.
Det er ikkje lov til å ta på utstilte dyr.

