Glasshuset

Naturmuseet har eit stort overvintringshus (Glasshuset) for plantar som kan bookast for ulike arrangement i sommarsesongen.

Glasshuset blir leigd ut til arrangement som blir haldt i regi av Universitetet i Agder. Lokalet kan ikkje bookast for private arrangement, som til dømes konfirmasjon eller bursdagsfeiring.

I tillegg til universitetet sine reglar for bruk og utleige av lokale gjeld også NBH sine reglar for bruk og booking av Glasshuset. Dersom universitetets og NBH sine reglar ikkje samstemmer, er det NBH sine reglar som gjeld.

Glasshuset (drivhus)

Booking

Kven kan booke/leige Glasshuset?

Glasshuset blir leigd ut til arrangement som blir haldt i regi av Universitetet i Agder. Lokalet kan ikkje bookast for private arrangement, som til dømes konfirmasjon eller bursdagsfeiring.

Kvart enkelttilfelle blir vurdert individuelt og krev godkjenning frå ein museumstilsett.

Når kan du booke Glasshuset?

Glasshuset kan leigast frå og med 23. juni til 30. juni, og frå og med 15. august til 15. september. Leige av Glasshuset i august må bookast seinast 30. juni.

Kor lenge kan du booke?

Glasshuset kan ikkje bookast for meir enn to dagar. Avhengig av type arrangement kan andre avtalar inngåast.

Tilgang –nøkkelkort

For å låse seg inn i Glasshuset blir det brukt nøkkelkort. Når du bookar, må du oppgi kortnummeret. Kortnummeret bruker vi for å gi deg tilgang til bygget.

Kontaktperson:

Bilde av Anita Hæg Hamdi
Kontorleder
E-post
anita.haeg.hamdi@uia.no
Telefon
+47 38 14 24 71

Korleis booke?

Send e-post til Anita Hæg Hamdi.

I e-posten oppgir du:

  • Kva fakultet:
  • Arrangementsansvarleg:
    - Namn:
    - Nummer:
  • Type arrangement:
  • Kortnummer til låseansvarleg:
  • Dato:
  • Tal på deltakarar:
inne i glasshuset/drivhuset
©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Lisbeth Breland

Reglar for bruk av Glasshuset

Generelle reglar

 Generelle reglar for bruk av Glasshuset

  • Møblar må settast tilbake på plass, og avfall må fjernast etter bruk av lokalet.
  • Det er forbode å bruke open eld, som stearinlys, innandørs.
  • Det er ikkje tillate å bruke UiAs lokale til kommersiell bruk eller framleige.
  • Dersom Glasshuset skal brukast utover ordinær opningstid, krev det personell frå NBH. Kostnad for vakthald må dekkast av den/dei som bruker lokala.
  • Alle må vere ute av bygningane innan klokka 22.00. NBH-tilsett kan avslutte arrangement dersom UiAs og NBHs sikkerheitsreglar ikkje blir overhaldne.
  • Dersom det skal nytast alkohol under arrangementet, må den/dei som held arrangementet søke om skjenkeløyve, og det blir føresett at det også er matservering på arrangementet.

Omvising

Før du tar i bruk Glasshuset må arrangementsansvarleg få omvising av ein av dei tilsette ved NBH. Dette av HMS-omsyn. Her går vi blant anna gjennom korleis det tekniske fungerer:

  • Temperaturregulering
  • Lufting og solskjerming
  • Låsing og lukking
  • Toalett
  • Brannalarm

Toaletter

I museets opningstid, eller innanfor ordinær arbeidstid, nytte publikumstoaletta på museet.

Ut over dette gjerast individuelle avtalar med museet.

Museets opningstid:

Sesong (20. juni - 20. august):
Alle dagar: kl. 10.00 - 16.00

Utanom sesong: Tirsdag - fredag kl. 10.00 - 15.00
Søndag kl. 12 - 16.00

Rigging og rydding

Lokalet må spolast med reint vann etter bruk. Det må IKKJE feiast eller støvsugast. Ved feiing/støvsuging kan brannalarmen bli aktivert.

Arrangementsansvarleg må avtale med UiA-drift om henting av søppel. Søppelsekkar skal ikkje ligge igjen i Glasshuset. Naturmuseet er Miljøfyrtårn-sertifisert, vi set pris på at arrangementsansvarleg tenker på miljøet når dei ryddar opp etter arrangementet.

Glasshuset er umøblert. Alle møblar og anna utstyr må settast på plass og fjernast av dei som held arrangementet. Ettersom Glasshuset ligg på NBH sitt driftsområde, må logistikk ved levering og henting av møblar og anna utstyr avtalast med NBH seinast ei uke før arrangementet.

Dersom det er ynskje om å flytte benkar, plantekassar og liknande utanfor bygget, må dette avtalast med NBH på førehand.

Merknad: Det er vannuttak i Glasshuset, men kun for kaldt vann.

Antal personar tillatt i glasshuset:

Det er tillate med maks 138 personar sittande i bygget.

Det er tillate med maks 150 personar ståande i bygget.

Brann

Brukar/leietakar må sende melding til brannvesenet før arrangement. Brukar/leietakar må dokumentere at sikkerheita er ivareteken, og det må utarbeidast ei risikovurdering med tiltak. Tiltak omfattar blant anna tilgjengeleg sløkkjeutstyr, merking av rømmingsvegar, dører som er lett å opne for alle, og ein ansvarleg for sikkerheita under arrangementa.

Dersom brannalarmen blir utløyst ved eit mistak/uhell, er det arrangementsansvarleg som står til ansvar for eventuelt gebyr for unødvendig utrykking frå brannvesenet, ikkje NBH. Ut over dette gjeld UiA sin branninstruks.

Uteområde

Glasshuset ligg på Naturmuseets driftsområde. Dei som låner Glasshuset, står sjølv ansvarleg for å gi tilstrekkeleg informasjon til deltakarane om kvar dei kan opphalde seg. Vedlagt kart viser kvar du skal gå for å komme til toaletta/toalettet, samt kva område som ikkje kan nyttas. Arrangementsdeltakarar må ta omsyn til, og passe seg for, trafikk og arbeid i hagen.

Problem?

Statsbygg er ansvarleg for at bygget fungerer med tanke på vann, varmeanlegg, ventilasjonsanlegg, kjøleanlegg og lys. UiA er ansvarleg for alarmanlegg, tilgangskontroll og brukarutstyr.

UiA:
Driftshjelp: 38141800

Driftsleder: 90167460

Statsbygg: 
Administrasjon: 91140075

Ved booking bekreftar du at du har lest og forstått reglar for bruk og utleige av Glasshuset.

 

kart over hagen
Glasshuset (17) ligg på driftsområdet (18). 
Publisert 22. jan. 2024 - Sist endra 6. okt. 2025