I tillegg til universitetet sine reglar for bruk og utleige av lokale gjeld også NBH sine reglar for bruk og booking av aktivitetsrommet. Dersom universitetets og NBH sine reglar ikkje samstemmer, er det NBH sine reglar som gjeld.
Aktivitetsrom:
- sitteplassar til 35 personar
- smartboard
- zoomrom
- utslagsvask
Når kan lokala leigast?
Aktivitetsrommet kan berre leigast på kveldstid.
Aktivitetsrommet kan ikkje leigast frå og med 18. juni til 22. august.
Arrangement og undervisning i regi av UiA:
- Individuelle avtalar gjeld.
- Mat må bestillast og bringast av leigetakar.
Kva kostar det å leige?
Leigepris er avhengig av type arrangement, omfanget og varigheita. Individuelle avtalar gjeld.
For bruk av aktivitetsrommet i regi av UiA kostar det kr 1500 i vanleg arbeidstid.
Kostnaden dekker organisering, hjelp med matbestilling og henting, rigging, rydding, oppvask og vask.
Kontaktperson:
- E-post
- anita.haeg.hamdi@uia.no
- Telefon
- +47 38 14 24 71
Generelle reglar:
- Det er forbode å bruke open eld, som stearinlys, innandørs.
- Ved lukka selskap kan det nytast medbrakt alkohol.
- Utstyr i skap, til dømes luper og mikroskop, skal ikkje handterast utan avtale med museet.
- Utstoppa dyr, skallar eller botanisk materiale skal ikkje handterast.
Barn må ikkje opphalde seg aleine i kaktushuset av HMS-omsyn. Det er ikkje lov til å ta på plantene. Fleire av plantene er giftige og har skarpe piggar. Kaktusar som tilsynelatande er utan piggar, kan ha "usynlege" piggar som fører til stort ubehag dersom ein tar på dei.
