Stormen Dave besøker Botanisk Hage

Stormen Dave lét ikkje den botaniske hagen stå urørt i påska. Heldigvis har vi ein dyktig vaktmeister som kan rydde opp når ekstremvêr treffer dei levande samlingane våre.

Bildet kan inneholde: tre, gren, stamme, bunndekke, jord.

Nobelgrana over ende i Botanisk Hage

I påska for stormen Dave over Sør-Noreg. Då vinden løya oppdaga vi at eitt av våre kjære bartre i bartrearboret hadde velta. Stormens offer var ein Nobelgran (Abies procera), og tapet av denne vart ekstra trist ettersom han hadde vore del av hagen sidan 1969.

Ein botanisk hage er ei levande samling, med plantar som trivst under ulike forhold. Nobelgrana høyrer eigentleg til i det nordvestlege, USA, og er innført til Noreg gjennom dyrking. Same kvar i verda ein er, er vi, som naturen, sårbare for vêr og vind. Det kan vere svært fascinerande å sjå slik ei kjempe over ende, men for å halde hagen trygg og vakker for besøkande blei den dyktige vaktmeisteren vår, Bjarne, sett på saka med å fjerne treet.

en liten grønn traktor ved siden av et veltet bartre
Nobelgrana over ende, med vaktmeister Bjarne i liten traktor på veg til å fjerne han

Vêret påverkar plantane våre kvar einaste dag, og gartnarane våre jobbar kontinuerleg for å gi dei omsorga dei treng, slik at hagen kan fortsette og vekse og vere til glede for alle som kjem innom!

Publisert 14. apr. 2026 - Sist endra 14. apr. 2026