Blomsterenger er ikkje berre vakre, dei speler også ei viktig rolle for biologisk mangfald. Blomsterenger er viktig matkjelde og leveområde for pollinerande insekt som for eksempel bier, humler og sommarfuglar.
Det tar lang tid å lage til ei blomstereng, fleire år. Derfor kan det vere ein tidkrevjande prosess. Under Miljøveka 2024 starta Naturmuseet arbeidet med å lage til ei naturleg blomstereng i botanisk hage.
Pollineringsstripe med norske markblomstrar
Starten på blomsterenga var ei pollineringsstripe. Ei pollineringsstripe er ei "smal stripe blomstereng" med ulike artar norske markblomstrar. Frøa som blei brukte var bestilte frå Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO. Alle frøa har herkomst, dei er samla inn frå norsk natur og er vanlege sortar i norske blomsterenger.
Pollineringsstripa har vore stilt ut på utstillingsområdet ved georginebedet (den gamle leikeplassen).
.jpeg)

Samarbeid med lokale skolar
Pollineringsstripa blei laga under Miljøveka 2024. Stripa blei laga i eit samarbeid med ti lokale skolar i Kristiansand kommune. Over 250 elevar deltok! Under aktiviteten lærte barna om biologisk mangfald, verdien av insekt og ville norske blomstrar.

Tidkrevjande prosess
Å lage til ei blomstereng er ein tidkrevjande prosess, mange plantar blomstrar ikkje første året.
Fleire av plantane i pollineringsstripa står nå i full blomster, men andre må vi vente på. Denne sommaren, under Miljøveka 2025, skal pollineringsstripa bli ein del av Naturmuseum og botanisk hage. Stripa skal plantast ut og med tida bli ei naturleg lita blomstereng.

Naturleg blomstereng
I første veka i juni får Naturmuseum og botanisk hage besøk av ti nye skolar i Kristiansand. Skoleklassane skal plante ut plantane frå pollineringsstripa, og vere med å lage til ei lita blomstereng i botanisk hage.
Under aktiviteten lærer barna om biologisk mangfald, verdien av insekt og ikkje minst verdien av ville norske blomstrar - norske insekt er tilpassa norske blomstrar.
Blomsterenga blir plassert like ved sidan av klosterhagen i botanisk hage. Besøk den gjerne i løpet av sommaren.

Blomsterenga er laga i eit samskapingsprosjekt mellom Kristiansand kommune/Miljøveka, Parkvesenet, Naturmuseum og botanisk hage og lokale skolar i Kristiansand.