Halloween på museet

Søndag før alléhelgensafta feira Naturmuseet halloween med ei rekke skumle aktivitetar for barn og foredrag for vaksne. Det var ein perfekt dag for både store og små, mange hadde kledd seg ut for høvet. Høge forventingar og godt humør strålte av besøkande som allereie ein halv time før opning stod å «klorte på dørene» for å kome inn.

Bildet kan inneholde: bein, skjelett, hodeskalle, motedesign, kostyme.

Skummel atmosfære 

Stemninga blei sett av eit dinglande skjelett ved hovudinngangen, og i resepsjonen fira den gigantiske edderkoppen Edda seg ned frå taket. Store flaggermus sveva i taket over inngangen til hovudutstillinga, og tilsette hadde på seg skumle kostyme. Her var det klart for fest!

gigantisk eddekoppmodell
Edderkoppen Edda ønskte velkomen i resepsjonen.

Skummelt og lærerikt

For dei minste var det ei rekke både spennande og skumle aktivitetar. Heile utstillinga i første etasje var mørklagd. Her var det gjort klart for «skjellettjakt». Barna fekk delt ut lommelykt, og det vanka premie for dei som klarte finne alle skjeletta i utstillinga.

I utstillinga i andre etasje kunne ein vere med på hovudskallequiz med ekte hovudskallar. Dei som var tøffe nok, fekk halde hovudskallane for å undersøke dei skikkeleg.

I aktivitetsrommet var det lageverkstad der både store og små deltok. Her kunne ein lage dekorative flygande spøkelse, spøkelseslys og flaggermus «sprellemenn» som flaksa med vengene.

 

Engasjerande foredrag for vaksne

Mens barnefamiliar koste seg med aktivitetane sine, var det sett opp interessante foredrag for vaksne. Geologen til naturmuseet, Tor Sigvald, sette standarden ved å troppe opp i eit spektakulært kostyme. Foredraget «Botanikk og geologi møter folketro, magi og fiksjon» haldt av Tor Sigvald, og botanikar, Malene Østreng Nygård, var så populært at det blei fullbooka i løpet av kort tid. Museet sette opp ekstra foredrag same dag, som også blei fullbooka svært raskt.

Sjølv om foredraget var sett til 60 minutt, var interessa og spørsmålsstraumen til publikum så stor at begge foredrag blei utvida med nesten 30 minutt!

fire ansatte ved naturmuseet
Anita Hæg Hamdi (koordinator for kafé og administrasjon), Malene Østreng Nygård (botanikar), Tor Sigvald Johansen (geolog) og Ida Jøssang (formidlingskoordinator) var strålande nøgde med årets arrangement.

Skumle delikatesser på Café Ginkgo

På Naturmuseets kafé, Café Ginkgo, var ingen stolar tomme! Så snart nokon reiste seg for å vere med på aktivitetar smatt ei ny rumpe ned på stolen. Og det var kanskje ikkje så rart, for her blei det servert "skummel gelé" og nysteikte sveler og vaflar. 

Rekordmange besøkande og solskinn i botanisk hage

I løpet av fire timar kom omkring 500 besøkande til museet! Heldigvis var det herleg haustvêr i botanisk hage med strålande solskin. Så om ein trong ein liten tur ut med kaffikoppen før neste runde med skjellettjakt, kunne ein gjere dette mens haustens vakre farga bada i sollys.

Museumstilsette gler seg allereie til neste års feiring. Det blir spennande å sjå om museet klarer toppe årets eventyr!

 

Publisert 30. okt. 2025 - Sist endra 19. nov. 2025