Georginesmaking

Vår mest smakfulle georgine er kåra.

Georginer i flere rosafarger

Dei tre smaksvinnarane. Pallplassering: 1. Kvit ballgeorgine, 2. Rosa georgine. 3 Rød enkel georgine. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork

Av Ida Jøssang
Publisert 8. okt. 2024 - Sist endra 19. nov. 2025

I haustferien, under arrangementet "Georginesmaking", kåra vi vår mest smakfulle georgine.

 Aztekerne åt Georginer

Georginer er vakre, overdådige plantar med opphav frå Mexico i Sør-Amerika. Aztekarane dyrka georginer allereie på 1500-talet, ikkje på grunn av pryden sin, men på grunn av dei etande røtene/knollane sine.

Georginer toler ikkje Noregs kalde klima, derfor må alle knollar takast opp om hausten og lagrast tørt og frostfritt heile vinteren. Knollane blir planta ut igjen til våren. Dersom knollane er tatte godt vare på, veks det fram vakre georginer i løpet av sommar og haust.

georginer som er tatt opp
Når georgineknollane blir tatte opp av jorda liknar dei litt på avlange poteter. Dersom dei skal etast, må ein børste og vaske dei før dei blir kokte. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork
mann som holder georgineknoller som er kokt
Stephen Barstow held opp ferdigkokte georgineknollar. Her er knollane surra fast på nummererte pinnar slik at vi skal klare å skilje dei ulike typane frå kvarandre. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork

Klonarkivet

I den botaniske hagen vår er georginehagen ein viktig del av klonarkivet. Formålet med eit klonarkiv er å bevare genetiske ressursar for framtida. Derfor er dette plantar vi tar spesielt godt vare på. Knollane som er brukte i arrangementet er " "overskotsknollar" - knollar av plantar vi har mange av.

Georginesmaking

Stephen Barstow, forfattar av boka "*Around *the World in 80 *plants", var invitert til Naturmuseum og botanisk hage for å halde foredrag og delta i kåringa av den mest smakfulle georgina.

Eit felles smakspanel vurderte kvar enkelt georgine.

bord med vurderingsskjema
Vurdering av ulike georginesortar. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork

Barstow heldt foredrag om georginer og fleirårige grønsaker for eit svært engasjert publikum.

Publikum fekk smake på dei ulike georginesortane, både "vinnarane og taparane".

mennesker smaker på georginer
Eit engasjert og ivrig publikum. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork

Vinnaren

Vinnaren av georginesmakinga blei ei kvit ballgeorgine med rosa spetter. Denne georgina fekk NBH tilsendt frå Ringve Botaniske hage i Trondheim. Ringe botaniske hage henta han frå ein eldre mann på Kolstad, Trondheim. Familien til Kolstad hadde fått knollen frå USA, og har hatt han i mange tiår - det er grunn til å tru at sorten kan vere ’Wittem’.

georgineblomst og knoll
Vinnaren av smakstestinga. ©Naturmuseum og Botanisk Hage, UIA/ Reidun Mork