Hjelp frå publikum - Døde slangar og hammar

Slangeforskar Beate Strøm Johansen og hennar bachelorstudentar treng hjelp frå publikum til innsamling av slangehammar/skinn og døde slangar!

Ham/skinn frå slettsnok.

Ham/skinn frå slettsnok. Foto: Beate Strøm Johansen

Vi treng publikums hjelp til å få tilsendt hammar (slangeskinn) og døde slangar frå heile landet.

Vi kan òg bruke heilt flatkøyrde tørre slangar som er tynne som frimerke – desse kan sendast i ein konvolutt i posten. Ferske døde slangar må leggjast i frysaren, og så må vi avtale henting.

Kontaktperson/slangeforskar: 
Mail: beate.johansen@uia.no
Telefon: 93218653

Innsamlingsinformasjon

  • Døde slangar må oppbevarast enkeltvis i plastpose i frysaren med funndata på ein lapp.
  • Kontakt ein av forskarane for henting (sjå blogginnlegg).
  • Slanga treng ikkje vere heile, det går bra med delar av ein slange (dei blir ofte svært maltrakterte i trafikken).
  • Hammar kan liggje tørt og sendast i ein konvolutt i posten.
  • Funndata: dato, stad, helst gps-posisjon/koordinatar, namn og kontaktinfo (telefonnummer/epost). Skriv gjerne dødsårsak om mogleg (for eksempel: påkøyrd).

Du finn meir informasjon om innsamling av slanga i dette blogginnlegget. 

slangeskinn
Publisert 19. feb. 2024 - Sist endra 6. okt. 2025