English version of this page

Første årlege møte for Slettsnok forskarar i Norden og dei Baltiske land.

På initiativ frå vår eiga Beate Strøm møttest Slettsnokforskarar i Nordic/Baltic Coronella Research Group for første gong på Åland i juni 2026

Slettsnok (slange) med paralelle møre prikker langs ryggen på stein og lav

Slettsnok (Coronella austriaca) med sine gjenkjennelege paralelle mørke brikker langs ryggen

Slettsnok (Coronella austriaca) er ein av tre slangeartar som lever i Norden (unntatt Danmark) og Baltikum. Gruppa med forskarar som samla seg på Nåtø Biologiske Stasjon på Åland, forskar på den nordlege utbreiinga til arten. Seks personar, frå tre nasjonar (Noreg, Finland og Latvia) var med på workshopen, inkludert den finske Zoologen Tom Hoogesteger. 

Seks menneske oppstilte til bilde i skogen
Slettsnok forskarne samla i felt. Fra venstre: Rebeka Šķērstiņa (Latvia), Tom Hoogesteger (Finland), Elza Birbele (Latvia), Pål Sørensen, Beate Strøm og Olav Didriksen (Norge) 

Slettsnok finst ikkje på det finske fastlandet, men på dei Ålandske øyer finn ein altså den nordlegaste populasjonen i verda. Denne har Tom bruk dei siste ti åra på å kartlegge, og den siste veka i juni blei hotspottane viste fram til dei andre forskarane i gruppa.

Bilde 1: Forskarar observerer Slettsnok i det bare Ålandske landskapet. Bilde 2: Slettsnok. Bilde 3: Zoolog Tom målar lengda på slettsnok

Den dyktige reptilforskaren vår, Beate, noterte seg at slettsnok-habitata på Åland er svært ulikt frå dei typiske habitata der vi finn dei i Noreg. Det blei i tillegg observert at dei ålandske slettsnokane hadde andre ytre morfologiske trekk enn dei norske, noko forskarane skal dykke djupare ned i, i ein framtidig publikasjon. Stay tuned!

Slange som blir avbilda med buksida opp under ei glasplate
Slettsnoken blir vend opp-ned og avbilda for å kunne telje bukskjell og underhaleskjell på bilda i ettertid

Trass 12-timars dagar i felt, hadde forskarane det så spennande at planlegginga for det andre møtet for Nordic/Baltic Coronella Research Group allereie er påbegynt. Foreløpig plan er at møtet blir lagt til Kristiansand, slik at slettsnok-lokasjonane vi har her i regionen kan visast fram.

Publisert 15. juli 2026 - Sist endra 15. juli 2026