Sjeldne svermarar på besøk i Noreg

Har du sett nokre av desse sjeldne sommarfuglane? Ta gjerne kontakt med museets zoolog, Roar Solheim.

Oleandersvermar.

Oleandersvermar

Torsdag 28. september blei ein svært sjeldan tusmørkesvermar funnen i Søgne. Då sat nemleg ein oleandersvermar utanfor huset til Ruben Olsen. Denne store, grøne og særs vakre nattsommarfuglen er berre funnen fire gonger tidlegare i Noreg, og dette er første gong den er oppdaga i Agder. Via ein journalist i Fædrelandsvennen blei Roar Solheim kontakta, og fredag 29. henta han svermaren. Det såg ut til å vere ei hokjønn, så den blei plassert i eit stort insektbur med ei frisk oleanderplante som larvane hennar lever på. Dessverre la ikkje denne sommarfuglen nokre egg.

Tysdag 3. oktober fekk Roar Solheim ei ny melding frå Søgne. Denne gongen var det dei tilsette på Åros barnehage som hadde tatt vare på ein vindelsvermar som sat utanfor barnehagen. Dette er også ein langtrekkjande tusmørkesvermar som berre er på besøk i Noreg. Som om ikkje dette var nok, har også eit par dødningehodesvermarar blitt funne i Agder dei siste vekene, ein i Randesund og ein ved Feda i Kvinesdal! Namnet har den fått fordi den har eit mønster på ryggen som kan minne om eit menneskekranium.

Det er truleg varme sørlege vindar som har ført desse langtrekkjande nattsommarfuglane til Noreg. Truleg er det mange fleire som har kome hit til landet. Viss du finn nokre av desse sommarfuglane, ta gjerne kontakt med museets zoolog, Roar Solheim, som gjerne tek imot desse svermarane.

dødningehodesvermer
Dødningehodesvermar
Vindelsvermer
Vindelsvermar

Publisert:  04. oktober 2023

Publisert 19. feb. 2024 - Sist endra 7. okt. 2025