Kor er leikeplassen?
Vi har fått fleire førespurnader frå folk som saknar den gamle leikeplassen.
Ettersom leikeapparata var i særs dårleg stand, måtte vi av HMS-omsyn ta dei bort. NBH/UiA er HMS-ansvarleg for det som skjer i den botaniske hagen. Vi ønskjer ingen ulukker – særleg ikkje dei som kan unngåast!
Kvifor byter vi ikkje ut leikeapparata?
Kristiansand kommune eig tomta der leikeplassen stod – vedlikehald av apparata er dermed kommunen sitt ansvar. Dessverre ønskjer ikkje kommunen å investere fleire midlar til vedlikehald av leikeplassen. Utan midlar får vi ikkje utført det naudsynte vedlikehaldsarbeidet, og vi får heller ikkje nye apparat.
Ny leikeplass?
Det pågår for tida ein diskusjon om det blir aktuelt å ha ein ny leikeplass på eit anna område i den botaniske hagen. Denne diskusjonen involverer fleire aktørar, mellom anna NBH/UiA, Kristiansand kommune, Statsbygg og Stiftinga Gimle Gård. Med så mange aktørar er det ein tidkrevjande prosess å få lagt ein god plan vidare som alle er nøgde med.
Plaster på såret
Som plaster på såret set vi opp ei ny ute-utstilling i løpet av mai 2024. Det tek tid å klargjere området – takk for at dykk er tolmodige, og takk for at dykk held avstand når vi arbeider.
Ny utstilling
Utstillinga heiter «Kulturplantane sine ville slektningar» og tek for seg korleis matplantene og nyttevekstene våre handterer eit klima i endring. Utstillinga vil stå ut 2025. Vi håpar utstillinga vil falle i smak for både store og små!
Kvar er benkane?
Bord og benkar som stod på området, er flytta til baksida av kafeen.
.jpg)