Vår
Våren er ei vakker årstid i botanisk hage. Vinteren er bak oss og me ventar spent på alt som skal spira og gro i mildvêret. Som i alle andre hagar skal botanisk hage gjerast klar for høgsesongen. Hagen skal lukast før ugraset slår skikkeleg rot, tre og buskar blir klipt ned og blir tynna, stiklingar blir tekne, løkar blir sette ut, og me sår i veksthusa.
Bartrearboretet om våren
Bartrearboretet er eit av dei vakraste områda i hagen om våren. Du har kanskje ikkje gitt det så mykje merksemd, men tek du ein nærare kikk blir du overraska av dets skjønnheit.
Sommar
Sommaren er ei travel tid i botanisk hage. Derfor tilset me mange sommarhjelparar. Plantar skal vatnast, gras og hekkar skal klippast, bed skal lukast og kantar skal skjerast.
Haust
Hausten er ei annleis tid i botanisk hage. Plantane førebur seg til ei ny årstid med kulde og mindre lys. Blad fell og færre og færre plantar står i blomster. Likevel er det mykje å ta seg til i den botaniske hagen.
Om hausten set me løk, sankar frø, tek inn knollar og flyttar varmekjære plantar inn for overvintring. Lauv skal rakast, staudar og buskar skal klippast ned, frø blir bestilte og nye plantar skal såast i veksthusa.
Vinter
Dei fleste besøkjer botanisk hage på vår og sommarstid, men me tilrår verkeleg å ta ein tur når snøen ligg lett over beda, spesielt i dei få timane der sola kikkar frami løpet av dagen.
Vinteren er ein roleg sesong i botanisk hage, men innandørs er det mykje å driva med. Overvintrande plantar og knollar må følgjast opp, rett temperatur, lysforhold og luftfukt er kritisk for overleving. Frø blir bestilt frå frølister, skilt blir fornya og oppgraderte, og enkelte plantar blir vinterklipte ned – sjølv utandørs!