Kva er en botanisk hage?
Sjå video der botanikar Malene Østreng Nygård forklarer kva ein botanisk hage er, og kvifor han er viktig.
Skilt i botanisk hage
I ein botanisk hage finn du mange skilt. Skilta gir deg informasjon om dei ulike samlingane. Kvar samling har eit hovudskilt, i tillegg har kvar enkelt plante eit eige skilt. I videoen under fortel gartnarane Reidun Mork og Lisbeth Breland om dei ulike skilta i hagen.
Levande vitskaplege samlingar
Opphavet til planten
Ein botanisk hage har kategoriserte samlingar av levande plantar. Det er registrert dokumentasjon til kvar enkelt plante i samlinga. Denne dokumentasjonen fortel mellom anna noko om opphavet til planten.
Kva plantar ein botanisk hage har, er opp til den enkelte institusjonen, samt kva plantar det er mogleg å få tak i. I videoen fortel Reidun Mork om vår klosterhage-samling. Dette er ei av dei viktigaste samlingane hos oss. Plantane i klosterhagen er samla inn frå gamle klosterlokalitetar, og er ein del av vårt klonarkiv. Føremålet med klonarkivet er å bevare genetiske ressursar for framtida.
I ein botanisk hage er det opphavet og genmaterialet til planten som er det mest interessante, ikkje nødvendigvis korleis planten ser ut. Derfor kan vi ikkje berre kjøpe ein ny plante dersom ein blir borte. Som Reidun og Lisbeth viser i dei kommande filmane, krev det tett oppfølging og god pleie av plantar slik at vi klarer å bevare dei.
Foredling av vossakvann
For å bevare det genetiske materialet til planten er det viktig med vegetativ/ukjønna formeiring ("kloning"), men botanisk hage driv også med foredlingsarbeid. Planteforedling går ut på å dyrke fram betre typar kulturplantar eller utvikle nye sortar.
I videoen driv Reidun med foredlingsarbeid av kvann i tusenårshagen. Tusenårshagen er delt inn i epokar, og ein av epokane er vikingtida - her finn du mellom anna vekstar som var vanlege hageplantar i vikingtida.
Luking - karve eller vill gulrot?
Noko av det viktigaste gartnarane gjer i ein botanisk hage er luking av ugras. Ugras er plantar som veks på ein stad kor dei ikkje er ønskte. Nokre gonger er det ikkje like lett å sjå kva som er ugras, og kva som er den ønskte planten. Nokre gonger er faktisk lukingsarbeidet så vanskeleg at det krev ein botanikar, eller annan kyndig person. I videoen viser og forklarar Reidun korleis luking av vill gulrot og karve blir gjort.
Overvintring av knollar
I botanisk hage har vi ei stor georginesamling. Desse er ein viktig del av klonarkivet til hagen, og derfor er det viktig at vi bevarer genmaterialet til plantene. Dersom vi tar frø, vil ikkje genmaterialet bevarast, derfor grev vi opp knollane kvar haust, lar dei overvintre inne, og plantar dei ut til våren. Det er mykje arbeid, men resultatet - vakre blomstrande georginer, gjer alt verdt det!
I videoen viser Lisbeth korleis vi oppbevarer georgineknollane om vinteren.
Formeiring - vegetativ og kjønna
I botanisk hage blir vegetativ formeiring brukt for å ta vare på genmaterialet til planten. Plantar kan forme seg kjønna eller ukjønna. Ukjønna formeiring er det vi gjerne kallar vegetativ formeiring. Ved vegetativ formeiring klonar plantane seg sjølv, dei treng altså ikkje nokon "partner" for å lage nye avkom. Det betyr at det genetiske materialet i den nye planten vil vere heilt likt morplanta.
Ved kjønna formeiring derimot, treng planta ein partner. Då må blomen bli befrukta av pollen frå ein annan plante (ved pollinering) for at det skal skapast frø. Frøa er det som spirer og blir til nye plantar. Plantebarna har ikkje identisk genmateriale som morplanta, men ein blanding av far- og morplanta. Mange plantar kan forme seg både kjønna og ukjønna.
I videoane viser Reidun Mork tre eksempel på vegetativ formeiring: stiklingar, sideløk og deling av planten (siderosett).
Vegetativ og kjønnet formering - frø og stiklingar
Vegetativ formeiring - stiklingar tas ved beskjæring av fuksia
Vegetativ formeiring - sideløk frå madonnalilje
Vegetativ formering - siderosett av primula
Nyttedyr og sprøytemidlar
Nokre av plantane i samlingane våre er opp til 400 år gamle, så det er svært viktig at vi tar godt vare på dei. Uheldigvis har botanisk hage, som mange andre hagar, utfordringar med å beskytte plantane mot skadedyr. Vi ønskjer å bruke minst mogleg kjemisk plantevern ("sprøytemiddel"). Derfor bruker vi heller biologisk plantevern ("nyttedyr") når det lar seg gjere. I videoen forklarar Tor Harald Staddeland korleis vi bruker gulløyelarver for å ta knekken på bladlus.
Grøntområde i hagen
Vår botaniske hage er ikkje berre ein stad for vitskaplege samlingar, forsking, undervisning og læring. Vi ønskjer også at hagen skal inspirere og nytast av publikum. Pilehytta er eit godt eksempel på dette, den er både vakker og nyttig. Alle er hjarteleg velkomne til å bruke grøntområda i den botaniske hagen, så lenge det blir vist omsyn til andre folk og hagen generelt.
Kaktushuset - utstillingsveksthus
Vi har ei av landets største samlingar av kaktusar og sukkulentar. Mange av desse plantane må vere inne heile året, sidan dei ikkje toler det norske klimaet. Dei står i Kaktushuset (vårt utstillingsveksthus) kor det er mildt og godt året rundt. Vi har eit eige område kor vi produserer nye plantar, eit "produksjons-drivhus". Dette "drivhuset" er lukka for publikum og ligg vegg i vegg med Glasshuset. Glasshuset er eit overvintringshus for plantar som ikkje toler den norske vinteren, men som elles står ute.
I videoen under viser Reidun korleis vi produserer og registrerer informasjon om Lithops, "levande stein". Lithops blir produsert i "produksjons-drivhuset", og blir stilte ut i Kaktushuset når dei er store nok.
Sanke frø til frølista
Om hausten sankar vi frø, og desse blir registrerte og lagde i vår frøliste. I frølista blir informasjon om frøet lagra, blant anna om vokseplassen til morplanta. Frølista går ut til andre botaniske hagar slik at dei kan bestille frø med kjent opphav.